Dag Solstad: Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige (1984)
Dag Solstad skriv ofte om klasse i bøkene sine. Og sjølv om han ofte nyttar omgrep og tenkjemåtar som er henta frå marxistisk teori (eller rettare sagt den meir vulgære varianten forbunde med ml-rørsla), har han mykje fornuftig å komme med i denne samanhengen. Hovudpersonane, som vanlegvis tilhøyrer ein høgt utdanna middelklasse, er ofte kjenneteikna av ein høg grad av klassemedvit og har samstundes eit høgt refleksjonsnivå når det gjeld den historiske utviklinga og kulturelle og sosioøkonomiske forhold i Noreg.

Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige er i mine auge Solstads beste roman. Det er ei bekmørk forteljing om ein arkitekt som buset seg på Romsås i eit forsøk på å bryte klassebarrieren mot arbeiderklassa og trengje inn i tankesettet til den klassa han som sosialdemokrat kjenner seg forplikta til å solidarisere seg med. Dette visar seg å vere litt av ei utfordring, for han oppdagar at det er ei uoverstigeleg kløft mellom han sjølv og naboane, særleg når når det gjeld kulturelle preferansar.
Som vanleg i Solstads bøker er språket glitrande - ja Solstad kan ein lese og nyte sjølv om plottet er uinteressant - og personteikningane er overbevisande. Her er imidlertid plottet i høgste grad interessant, ja faktisk spanande, nesten som ein thriller. Eg skal ikkje seie for mykje om handlinga her, men det er eit mord involvert, så dette er nok det det næraste Solstad har kome krimsjangeren.
Dette er utan tvil ein av dei beste norske romanane frå 1980-talet. Boka ligg gratis tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets hjemmesider.
Kommentarer
Legg inn en kommentar