Fuglane - kapittel 15-18
Me er kome til tredje runde med Fuglane. Denne runden er diverre ikkje ferskvare, for eg las så seint i går kveld at eg ikke rakk å skrive noko før svevnen overmanna meg og gjorde meg medvitslaus, umælande og ute av stand til å gjere noko anna enn å liggje i ro. Difor kan eg ikkje garantere at eg hugsar allt eg las. Men noko hugsar eg jo. Her er nokre bilete som framkeis er med meg: Mattis ute i skogen, der han tyder tegn nedskrivne av rugda, og ikkje minst svarar på dei med fugleskrift; ein ung jeger som drep rugda; Mattis som går sigrande ut or ein intens standoff med jegeren over kven som skal ha den daude rugda. Ja, endeleg har Vesaas lagt inn noko sommliknar ein konflikt i forteljinga si. Det var ikkje for tidleg. Sjølv om rugda er daud no, er det Mattis som har overtaket no, ikkje berre med omsyn til utfallet av konflikten med jegere, men også av di resonnementa hans ber frukt. Han verkar rett og slett smartare og sterkare no enn før. Det er mogleg det er forbigåande, men nett nok verkar det som boka har gjort eit lite byks når det gjeld litterær kvalitet. Me får sjå om det varar. Med kapittel 18 byrja del 2 av boka, utan at eg la merke til at det var nokon særskilt som skilte dette kapittelet frå det førre. Men det kan jo skuldast at hugsen min er dårleg, eller at eg ikkje er ein mann ein kan stole på. Ja, kan hende heile denne teksten beintfram er skrive for å vill-leie lesaren. Kven veit?
Kommentarer
Legg inn en kommentar