Fuglane - kapittel 25-33
I dei fyrste par kapitla her freistar den engestelege Mattis å tyda teikn i naturen igjen. No er det ikkje snakk om fuglar, men om tre. Ikkje så veldig spennande, men ein skal ikkje så bort frå at det spelar ei viktig rolle i det større reisverket av symbolikk i boka. Det anar meg at det er dette, ikkje handlinga, som utgjer kjernen i romanen. Så går Hege og Mattis ein tur i skogen. Her nyttar vesaas høvet til å skildra både naturen og sambandet mellom dei to syskena. Det er no Hege kjem på idéen om at Mattis kan bli ferjemann på innsjøen. Ja, kan ikkje han som er så god til å ro, byrja å ro folk over sjøen mot betaling? Dimed startar eit nytt maritimt eventyr for helten vår.
Fyrste arbeidsdagen på sjøen får Mattis nemleg ein tømmerhoggar som passasjer. Dette er ein mann som set fart på det, la oss seie det som det er, hanske stilleståande plottet i boka. Tømmerhoggaren er i bygda for å søkje arbeid, men han treng ein stad å sove, så Mattis foreslår at han kan tilbringe natta på loftet heime hjå syskenparet. Hege seier ikkje nei til det. Her det moglegheiter for erotikk! Og før kapittel 30 er omme, ser det sanneleg ut som (sjølv om me som lesarar berre ser det Mattis ser med sin avgrensa forståing av kjønnslivet) at Hege og Jørgen, som tømmerhoggaren heiter, har pult.
Sjølv om det er stas med litt erotikk, er desse kapitla likevel ein liten nedtur jamført med førre bolk. Men det skal bli interessant å sjå korleis dette vil på erke handlinga vudare. Eg trur Jørgen kjem til å fucke opp forholdet mellom Mattis og Hege. Han er nok ein slange i Mattis’ paradis. Eg kan sjølvsagt ta feil, men det finn eg vel ikkje ut av før eg les nokre kapittel til. Språket til Vesaas luggar framleis. Det som irriterar meg mest no, er fraværet av «og» når han bind saman verb i setningane sine. Til dømes skriv han: «Men du går tassar etter meg for kvart steg», altså uten «og» mellom «går» og «tassar», men dette er vel i tråd med det lokale talemålet i Vinje, og for ein provinsdiktar som Vesaas er vel det viktigare enn å gjere seg leseleg for eit ålment publikum. «Keepin’ it real», som dei seier.
Følg med vidare!
Foto: Magnus Kjærgaard/Wikimedia Commons
https://creativecommons.org/licenses/by/3.0/deed.en
Kommentarer
Legg inn en kommentar