Ludwig Dettmann, «Bei den Wasserrosen im Moor», 1897
Sjå på dette fredfulle motivet. Borna som frydar seg over dei kvitgule vassliljene medan sumardagen går mot kveld, den dristige guten som fiskar blomar ut av det mørke vatnet, vindmølla som står klar til å ta i mot det mogne kornet. Ludwig Dettmann var framleis i den tidlege fasen av sin kunstnarkarriere då han måla dette idylliske måleriet i 1897. Han vart fødd i Flensburg i 1865, året etter at Preussen erobra byen frå Danmark. Han var ein akta kunstlærar med virke både i Berlin og Königsberg, og seinare, under fyrste verdskrigen, vart han ein dekorert krigsmålar. På 1930-talet melde Dettmann seg inn i Det tyske nasjonalsosialistiske parti, og i 1944 fekk han plass på den såkalla Gottbegnadeten-Liste, ei liste over kunstnarar som vart rekna som særleg viktige for kulturen i Det tredje riket. Han døydde i november same år.
Kommentarer
Legg inn en kommentar