«Major Keys»
Komponistar: Gary Moore og John Mole
Würmstuggu feirar populærmusikken! Kvar dag fram mot jul presenterer me ein musikalsk komposisjon som redaksjonen finn estetisk tiltalande, emosjonelt stimulerande eller oppløftande.
I dag skal me reise attende til 1970-talet, nærare bestemt 1977. Men det er korkje punk eller disco det handlar om i dag. Det er jazzrock (eller fusion, om du vil). Collosseum II var eit band som vart leia av trommeslagaren Jon Hiseman, men den store stjerna på laget var gitaristen Gary Moore, som me allereie har møtt her i Popstuggu, og som på denne tida var midt mellom sine to runder med Thin Lizzy. Keyboardist Don Airey var også ein mann med mykje frægd i vente.
På plata War Dance er det særleg «Major Keys» eg set på når eg vil høyre på noko med liv og humør. Dette er ein leiken instrumentallåt der særleg Moore og Airey får skine, sjølvsagt på bakgrunn av ein sprek rytmeseksjon. Låten vekslar mellom frenetiske og meir dempa parti, men dannar til saman eit tilfredsstillande heile. Gary Moore er jo mest kjent som heavy- og bluesgitarist, men han meistra også jazz på ein framifrå måte, sjølv om dette etterkvart forsvann frå solorepertoaret hans.
No kjem eg ikkje på noko meir å seie om denne flotte melodien, så da er det berre å ynskje dykk velkommen attende i morgon. Då skal me opne den 20. luka.
Kommentarer
Legg inn en kommentar