18. februar oppdaga den amerikanske astronomen Clyde Tombaugh en planet i bane utanfor Neptun. Planeten fekk namnet Pluto, etter den greske dødsguden. Same månad tok H.P. Lovecraft til å skrive ei skrekkforteljing som fekk namnet The Whisperer in Darkness.
I går las eg The Whisperer in Darkness. Eg har lese forteljinga før, men det er 10-15 år sidan, så det var ikkje mykje eg hugsa av handlinga. Eigentleg var det berre dei siste ti sidene eg kjende att; det var vel dei som gjorde sterkast inntrykk på meg den gongen. Så i praksis var dette ei ny forteljing (kortoman er vel ei meir presis nemning) for meg, sjølv om eg hugsar at eg likte ho godt førre gongen eg las ho. Men sånn er det vel ofte, det er det heilskaplege inntrykket, snarare enn handlinga som festar seg.
Men kva skal ein eigentleg seie om denne historia, no som ho står klar i minnet mitt? Klarte Lovecraft å røre ved mine estetiske sentiment og tilfredsstille forventningane mine med omsyn til sjanger, språk, struktur, spenning og så vidare? Ja, det vil eg bestemt seie. Dette er ei perfekt oppbygd skrekkfortejling med ein god dose science fiction og, om ikke heilt realistiske, så i alle fall i nokon grad, truverdige karakterer, i alle fall innanfor historias og sjangerens rammer. Vi snakkar her om eit av dei klaraste døma på den «kosmiske skrekken» Lovecraft er kjent for. Sjølv om handlinga utspelar seg på landsbygda i New England, handlar ho djupast sett om medvitets natur, epistemologiens grenser og jordklodens plass det store, uendelege kosmos. Forteljinga er fortalt i fyrste person av ein av desse eksentriske akademikarane som me ofte treffer i Lovecrafts forteljingar. Spenninga vert gradvis bygt opp, dels i form av brev som litt etter litt avslører dei unemnelege sanningane som dannar kjernen i narrativet.
Om du lurer på den eigentlege årsaka til oppdaginga av planeten Pluto i 1930, bør du lese The Whisperer In Darkness.
(The Whisperer in Darkness har tidlegare blitt omtalt på Würmstuggu av Håkon D. Myhre. Hans omtale kan du lese her.)
Bilde: Side frå originalmanuskriptet (Wikimedia Commons)
Kommentarer
Legg inn en kommentar