Eg hugsar ikkje stort frå då eg gjekk
frå deg. Eg må ha gått i eitt med alt
og trudd at om eg berre kom meg vekk,
så ville ikkje livet kjenst så kaldt.
Men varmen fann eg ikkje. Eg forsvann
som svermaren mot ljos, men ljoset ljaug.
Eg fann meg i eit iskaldt, framandt land
som stinka som det var ein avfallshaug.
Ein annan har eg vorte, ein som trur
på sanning og det skjønne parallelt.
Eg eksisterer under streng dressur
Samstundes harlekin og tragisk helt.
Eit stykke går me begge same veg
så snur du brått og traskar bort frå meg.

Flott sonett, en av de beste jeg har lest på lenge... En forbedring kan sikkert gjøres i fjerde siste linje, ved at ordet 'eksisterer' byttes ut med andre ord, slik at rytmen 'lett-tung' beholdes. Det er vel bare dialekter som har trykk på første stavelse i ordet 'eksisterer'.
SvarSlett