I dag er det 137 år sidan Sergej Kirov vart fødd. Sjølv om han hadde ein rikhaldig karriere som yrkesrevolusjonær og politikar, med leiarskapet for Leningrad-avdelinga til kommunistpartiet gjennom nesten ni år som høgdepunkt, vert han i dag mest hugsa for din død. 1. desember 1934 vart Kirov nemlig skoten og drept av Leonid Nikolajev i Smolnyj-instituttet, der Leningrad-partiet hadde kontora sine. Det vert sagt at det var Kirovs personlege ven og nære allierte Josef Stalin som gav ordre til drapet, kan hende av di han såg på den populære og hardtarbeidande Kirov som ein mogleg rival i toppleiinga i kommunistpartiet. Men det finst inga prov. I alle tilfelle vart drapet på Kirov eit påskot for å starte utrenskingane i partiet som etter kvart utarta til det blodbadet me kallar den store terroren, då Stalin sørga for å ta livet av alle som kunne tenkast å utgjere eit trugsmål for posisjonen hans som leiar Sovjetunionens og den kommunistiske verdsleiinga.
Biletet ovanfor er måla av Aleksandr Nikolajevktsj Samokhvalov i 1935, altså året etter Kirovs død. Øvst til venstre kan ein sjå den smilande Kirov motta ein entusiastisk og hjarteleg hyllest frå idrettsungdomen. Dette er sosialistisk realisme. Dei glade andleta, dei ljose fargene, dei sterke kroppane og den faderlege Lenin, mannen som har gjort alt dette mogleg, på fana i bakgrunnen, det skal ikkje vere nokon tvil om at sosialismen og femårsplanane har forvandla livet i Russland til noko bortimot ein draum. Som Stalin sa i ein ofte sitert tale samme år: «Livet har vorte betre, kameratar. Livet har vorte gladare.»
Kommentarer
Legg inn en kommentar