Frøken West (Gerd Grieg) og Rosmer (August Oddvar) konverserer. |
Rosmersholm
av Henrik Ibsen
Gyldendal, 1886
No har eg lese «Rosmersholm», Henrik Ibsens drama frå 1886 om den fråfalne presten Johannes Rosmer, som lèt seg forføre av den nordnorske fristerinna Rebekka West til å oppgje det ansvaret og dei forpliktingane det medfører å tilhøyre den edlaste slekta i bygda, og omfamne dei nye progressive og fritenkerske ideane som byrja vinne innpass blant radikale, ryggjelause hedonistar i Noreg mot slutten av det 19. århundret.
I fyrste akt set Ibsen opp ei interessant politisk konflikt mellom dei konservative og dei progressive kreftene i lokalsamfunnet, og denne dannar ramma for handlinga i dei fyrste tre aktane, med Rosmer og frøken West som talerøyr for oppløysingsideane og rektor Kroll som talsmann for den tradisjonsbundne fornuften, men etterkvart vert kjensler og seksualitet meir framtredande element i intrigen, og i siste akt fell det heile saman ei nattsvart suppe av nattsvart psykologi, dunkle drifter og (SPOILER ALERT) sjølvmord.
Konklusjon: Skuffande trass i ein lovande start.
Foto: Ernest Rude, 1947 (Nasjonalbiblioteket)
Kommentarer
Legg inn en kommentar