Gå til hovedinnhold

Morgonstund

 


Den fyrste sola over låvetaket,

og fuglekvitter frå den gamle eika,

og snorking frå ein halvdau ektemake,

Eg vaknar, og den fyrste bratte kneika


på vegen gjennom dagen ventar meg.

Eg står opp, tek på tøflane og går

og set på kaffi. Går og steller hår

og vaskar kroppen, ser at det er eg


som framleis helsar meg frå spegelglaset.

Så tuslar eg til kjøkkenet og drikk

ein kaffi som set fyr på kropp og sinn.


Eg har ei stille stund før kvardagsmaset.

Men tida flyr, og eg må vere kvikk!

Eg ventar ein familiekvervelvind.




Illustrasjon: Philipp Bauknecht


Kommentarer