Gå til hovedinnhold

Ei anna tid

 


Eg går i klede frå ei anna tid. 

Og alle mine tankar krinsar rundt

erindringar om det som er forbi.

Det held meg fast, og ikkje er det sunt.


Men likevel er trongen i meg stor

til heile tida snu meg der eg går,

og sjå attende, gå opp gamle spor

til tider som eg kjenner og forstår.


Eg lengtar etter ein gong å bli fri

og utan tvil gå strake vegen fram.

Eg treng eit handfast no å gripe i,


men det er vekk. Eg seier utan skam

og utan løynde lag av ironi.

Eg er ein leivning frå ei anna tid.


Kommentarer