I dag las eg ferdig romanen Den unge kvinnen av Hans Petter Blad. Medan eg las, lot eg meg rive med av det assosiative, lettare alderdommelege språket, den impresjonistiske, fragmentariske forteljarteknikken (der ulike stemmer, nokre relle, nokre hypotetiske, får kome til orde, men filtrert gjennom ein forteljar som ved sidan av å vere ein (rett nok perifer) figur i forteljinga spelar rolla som indirekte formidlar av dagboknotat og brev (eller snarare tankane desse fortel om, for dette er ikkje ein brevroman) som fortel om eit erotisk trekantforhold mellom eit middelaldrande, belgisk ektepar og ei ung kvinne ein gong på slutten av 1980-talet) og sjølvsagt den pikante tematikken
Blad kjenner eg frå før berre som lyrikar, eg har til og med skrive om eit par av bøkene hans tidlegare (Tilfeldig musikk og Clair-obscur, og det er mykje i dei korte kapitla som vitnar om ein forfattar som tenkjer nøye gjennom kvar setning han skriv. Og denne omtanken for nyansar i språket, bør lesaren gjengjelde ved å senke tempoet når han les, for det er mykje fint her som det kan vere lett å gå glipp av om ein les for snøgt. Det er også verdt å nemne at det er ekstremt korte kapittel i boka. Få av dei går over meir enn ei bokside, og nokre er berre ei enskild setning.
I denne romanen krinsar handlinga kring kjensler og erotikk som for dei fleste høyrer til fantasiens domene og som bryt med både normane i samfunnet og dei psykologiske disposisjonane til dei fleste av oss. Likevel maktar Blad å skrive om noko gjenkjenneleg når det gjeld relasjonar og intime band mellom menneske. Dette er ikkje ein vakker kjærleikshistorie. Men romanen handlar også om andre relasjonar, nemlig familie. Her er det ikkje snakk om kjernefamilien, men om det meir utvida familiebegrepet, både gjennom blod og inngifte. Det handlar om familierelasjonar og tid, generasjonar, tidsbilete i eit Europa der klasseskilnader framleis betyr noko, same kor mykje me freistar å gjere det til ein framand kategori frå ei anna tid. Men fyrst og fremst handlar «Den unge kvinnen» om løyndomar frå fortida og det dei, i konversasjon med den kunnskapen me faktisk har, kan fortelje oss om oss sjølv. Eg likte boka godt.
Den unge kvinnen
Hans Petter Blad
Oktober, 2024
Kommentarer
Legg inn en kommentar