Me har fått eit brev frå ein lesar som stillar nokre viktige spørsmål. Nynorsken var skrekkeleg, så me har tatt tillate oss å rette opp dei verste feila med omsyn til grammatikk og ortografi.
Kjære Würmstuggu
Eg står i eit frykteleg dilemma. Og eg trur ikkje eg er den einaste som tenkjer på dette. Kan eg med god samvit halde fram med å bruke den populære mikrobloggtenesta Twitter no som ho har blitt kjøpt opp av Elon Musk? Og kva skal eg gjere med bilen min?
Etter at Musk byrja å kome med trugsmål om å kjøpe opp Twitter i våres, og la fram sine ambisjonar om å slutte å røkte innhaldet der, har det gått meir og meir opp for meg at han er ein fascist som under dekke av «ytringsfridom», kva no der inneber i vår tid, og «meiningsutvekskling», har som føremål å skape splid og hat blant menneska og leggje til rette for auka rovdyrskapitalisme i verda. Farlege stemmer skal ikkje lenger utestengast, og det skal etter kva eg forstår, ikkje lenger vere grenser for kva ein kan skrive der. Ja, til og med Donald Trump skal vere velkommen attende. Finst det farlegare menneske på jorda?
Det har kome mykje kritikk frå ytre høgre om «sensur» og «einsretting», men eit privat selskap må då få lov til å ha eigne retningsliner for kva som er tillate. Ytringsfridom er ikkje fridom frå å møte reaksjonar, i alle fall ikkje når ein er på privat område. Twitter er ikkje eit offentleg rom. Fram til no har Twitter vore ein trygg plass for alle som set pris på mangfald og inkludering, og me har sloppe unna den verste hatretorikken som me diverre høyrer altfor mykje av i det verkelege liv. Eg, til dømes, har tilbrakt storparten av mitt sosiale liv på Twitter dei seinaste åra. Vil Musk verkeleg øydelegge det nettverket av fordomsfrie, modige og framstegsvenlege meiningsfeller eg har der? Her må politikarane på banen!
Ein gong var Musk ein person som skapte von for framtida. Vi var mange som kjøpte Tesla for å gjøre vår del for å snu klimakrisa. Men der blir vanskelegare og vanskelegare å køyre rundt i ein bil som symboliserer alt det verste ved kapitalismen. Eg skjøner no at Musk ikkje starta Tesla for å redde verda, men for å tene pengar. Pengar som han brukar for å verkelegjere sine visjonar om ei meir menneskefiendtleg verd. Difor vurderer eg å selje bilen no.
Kva synest de eg skal gjere? Bør eg forlate Twitter? Og bør eg selje Teslaen?
Med venleg helsing
Sverre G. Skogvik
Skarnes
Würmstuggu svarar:
Me synest du fortener ros for å lufte samvitskvalane dine. Du er ikkje den einaste som tenkjer sånn. Det finst alternativ til Twitter, men få av desse praktiserer røkt av innhaldet slik du ynskjer. Dessutan er dei eide av folk med endå slettare moral enn Musk. Men det er jo ingenting i vegen for å opprette ei ny mikrobloggteneste som kan tilby det Twitter er i ferd med å miste. Elles kan ein jo nytte telefon og brev for å halde kontakten og utveksle meiningar med folk. Om du har ein mobiltelefon, kan du skrive sms til kontaktane dine. Det er ikkje så ulikt Twitter. Og kva med å skrive lesarinnlegg til lokalavisa? Det er framleis mange moglegheiter.
Bilen bør du selje, eller kanskje helst destruere. Det er jo for ein god sak.
Foto: Steve Jurvetson
https://creativecommons.org/licenses/by/2.0/deed.en
Herlig! 🤓
SvarSlett