Nikolaj Nevrev, «Opritsjnikar»
Kva har me så her? Er dette ein kroningsseremoni? Men kvifor er rommet så lite? Og kvifor er stemninga så uhøgtideleg? Og kvifor gøymer den knelande mannen ein kniv bak ryggen? Og kvifor står det ein flirande biskop der med ein balalaika i handa? Og kvifor sit det ein hoffnarr bak trona? Det er mykje som ikkje stemmer her.
Det er av di det slett ikkje er nokon kroning. Mannen på trona er slett ingen konge, men ein bojar, altså ein tidleg russisk adelsmann, som skal avrettast for forræderi. Og dei hånflirande karane er opritsjnikar. Opritsjnina var ein politistyrke tsar Ivan den skrekkelege oppretta i 1565 for å rydde alle tenkjelege trugsmål mot statsmakta av vegen. Opritsjnikane avdekka forrædarar, særleg blant bojar-aristokratiet og gjennomførte avrettingar, massakrar, massevaldtektar og tortur med stor finesse og oppfinnsemd, og var som organisasjon ei politisk forlenging av Ivan den skrekkeleges personlege paranoia og sadisme. Statleg terror er eit gjennomgangstema i russisk historie, og ein kan seie at dei gjorde mykje av det same som NKVD gjorde på Stalins tid. Opritsjnina vart oppløyst i 1572.
Det er den russiske målaren Nikolaj Nevrev som står bak biletet. Det vart måla i 1870-åra, altså under den progressive tsar Aleksander II. Nevrev vart fødd i Moskva i 1830. Han studerte under målaren Mikhail Scotti og spesialiserte seg etter kvart på historiske motiv. Han tok livet sitt i 1904.
Kommentarer
Legg inn en kommentar