Gå til hovedinnhold

Framand for verda

 


1.

Labyrint utan veggar,

jarn mot jarn, kropp mot kropp,

svevn under stigande sol.

Hugen syg seg sterk

på dropar av liv i strid.


2.

Eg svertar andletet med kol

og påkallar kaosslangen.

Så går eg ut i det salte regnet

og ventar på at menneskeslekta

glir saman i ei bylgje av kjøt

under ein skittengrå himmel.


3.

Eg er ein kopi av meg sjølv,

eit ekko av levd liv,

aldri den same,

framand for verda.




Foto: Michael Ely (Wikimedia Commons)

https://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0/deed.en


Kommentarer