Dersom Jurij Andropov framleis hadde vore i live, hadde han fylt 107 år i dag. Andropov tok over som generalsekretær i Sovjetsamveldets kommunistparti etter at Leonid Brezjnev døydde i november 1982 og beheldt posten fram til 1984, då han døydde sjølv vart erstatta av den tre år eldre Konstantin Tsjernenko. Mange hadde von om at Andropov ville innføre reformer som på sikt kunne styrke sosialismen og dimed Sovjetsamveldets posisjon i verda, men sjukdom og ein litt for sterk tru på den russiske sosialismens tradisjonar sette ein stoppar reformarbeidet hans. Før utnemninga til generalsekretær var Andropov mangeårig leiar av KGB, og før det igjen spelte han ei viktig rolle i gjeninnføringa av sosialismen i Ungarn i 1956 etter Imre Nagys flørt med demokrati og ytringsfridom. Somme ser på Andropov som ein slags forløpar for Mikhail Gorbatsjov. Men det er viktig å ha in mente at verda så svært annleis ut i fyrste halvdel av 1980-talet enn i andre halvdel. I dag ser. I dag ser dei fleste på han som ein parentes i Russlands historie.
Foto: Wikimedia Commons
Kommentarer
Legg inn en kommentar