Eg anar i ditt kjærteikn eit adjø.
Du reiser ut, men kjenner ikkje kartet.
For kvifor fell du som eit dryss av snø
mot asfalten og dekkjer alt det svarte
med kald og urørt kvitleik? Kvifor står du
med bøyde kne og stirar inn i dette
som ingen kan forstå. Og kvifor går du
med opne auge inn i dette nettet
som held deg fast? Du ser det, men forstår du
kor vegen går? Du seier det vil sette
deg fri ein dag, men kva slags fridom får du?
Foto: Wikimedia Commons
Kommentarer
Legg inn en kommentar