Trilogien
av Jon Fosse
Del 3: «Kveldsvævd»
Samlaget, 2014
Ja, kjære lesar, no har eg lese ferdig den siste forteljinga i Jon Fosses trilogi om Asle og Alida, og du spør kan hende om eg er nøgd, er Kveldsvævd ei tilfredsstillande avslutning som gjev dei svara lesaren treng for å kunne seie ja sanneleg, dette var ein tekst som gav meg noko, dette er litteratur eg truleg vil bere i hjartet mitt ein stund?
Eg trur, ja eg er ganske viss på at eg kan svare ja, for Kveldsvævd gjev svar og ender med å setje eit elegant, men samstundes mørkt punktum for dette verket, for teksten gjev svar, men han tek også ei overraskande vending, og det eg som lesar fyrst bit meg merke i, er den uortodokse strukturen, for her startar det heile med at gamle Ales, dottera til Alida, sit i stova si og ser mora si, som har vore død i mange år, for auga sine, og etter ei stund vert synsvinkelen pensa inn på Alida, som i dette tidsplanet ikke er anna enn eit skrømt, og me får vite om alt det som hende etter at Asle, mannen hennar, vart hengt i Bjørgvin, og dette er det som utgjer brorparten av forteljinga
Korleis fungerte dette, synest du? spør du kan hende
Eg synest det var eit effektivt verkemiddel, seier eg, og eg kunne ha lagt ut om korleis Alida vert plukka opp av sambygdingen Åsleik på gata i Bjørgvin og henta hem til Dylgja for å få ein ny start i livet, men det er ikkje det eg seier, eg seier at dette med Ales og Alida er ei fin rammeforteljing som gjev svar, men samstundes opnar for nye spørsmål, og som i nokon grad står i kontrast til hovudforteljinga, ja for noko av poenget med desse forteljingane synest å vere spelet med perspektiv og korleis ulike personar kan skildre dei same hendingane på ulike måtar, for medan Andvake vert fortalt frå ein dobbel synsvinkel, er Asle forteljarstemma i Olavs draumar, og i Kveldsvævd er det Alida som fortel, eller er det eigentleg dottera Ales’ versjon av mora me får høyra, eller er den Ales me vert presentert for eigentleg berre Alidas tankar om si eiga dotter?
Uansett handlar ikkje denne historia berre om kjærleik, men også om korleis dei ulike generasjonane er ekko av kvarandre, at me alle på sett og vis er skrømt av forfedrane våre
Likte du boka? spør du kan hende
Eg likte ho, og sjølv om eg ikke synest det er den beste boka eg har lese, synest eg at eg kan tilrå alle som berre kjenner Fosse som dramatikar, å lese ho, sjølv om eg ville ha tilrådd Fosse å prøve å skrive meir tradisjonelle setningar med punktum mellom. Språket hans tenderer diverre til å verte ein gimmick som kjem i vegen for dei ideane han bringar til torgs, ja det vil eg seie om nokon spør meg om eg er «nøgd»
Kommentarer
Legg inn en kommentar