Gå til hovedinnhold

Bokomtale: Levande stein

 


Levande stein

Jon Fosse

Samlaget, 2015


Kvifor eg skriv så mykje om Jon Fosse? Godt spørsmål. Han er ikkje ein av yndlingsforfattarane mine. Ja, sant å seie synest eg han er litt oppskrytt. Men bøkene hans kjem jo ut med høg frekvens og er raske å kome gjennom. Då vert det lett å raske med seg ei når ein er innom biblioteket. Fosse har ein særmerkt skrivestil, det er sant, men ofte går stil framfor innhald i tekstane hans. Det er lite variasjon, og når eg les bøkene hans, er det ofte vanskeleg å få auge på nokon eigentleg djupleik under den iaugefallande overflata. Og det verkar som han balar med den same tematikken i mest alt han skriv. Nokre unntak er det sjølvsagt, til dømes Trilogien, men som regel er eit metaforisk skuldertrekk det eg sit att med etter å ha lese ferdig bøkene hans. 


Levande stein er ei samling med kortare tekstar, hovedsakeleg i prosaform, men også eit dikt, alt saman skrive i tidsrommet 2004 til 2014. Den fyrste teksten, «Aasen, Welhaven, Hauge», er eit slags miniessay der Jon Fosse kjem med nokre refleksjonar kring forholdet mellom språket, diktarkunsten og trua. Ivar Aasen er den raude tråden, med innspel frå Johan Welhaven og Olav H. Hauge. Elles namedroppar Fosse både Wittgenstein, Heidegger og Meister Eckhard i ein tekst som nok kunne ha vore interessant om han hadde vore lengre. 


Så kjem fire prosatekstar som alle på eit eller anna vis inneheld steinmotivet tittelen til boka viser til. Mest eksplisitt kjem dette motivet til syne i den fyrste teksten, «Drøymt i stein». I denne teksten, som er skrive i dialogform, vert me presentert for ein mann som får anfall han opplever som å bli forvandla til rasande stein. Om det er epilepsianfall, psykosar eller noko heilt anna er uklart. Kan hende Fosse berre vil vere gåtefull og la lesaren leggje inn kva han vil her. Det kan sjølvsagt vere at det berre er eg som med opne auge ikkje forstår noko som andre lesarar oppfattar som ein innlysande, og kan hende også banal, metafor. Dette er den lengste teksten i boka. 


Neste tekst ut er «Heimkomst». Dette er ei ganske kort novelle om ein mann som kjem attende til kona si etter å ha vore innlagt på eit mentalsjukehus. Novella, eller kva ein no skal kalle teksten, er ganske rørande og slett ikkje dårleg. I «Eit noko» treffer me ei naken kvinne som har ei kjensle av at nokon eller noko ser på ho, til og med snakkar til ho. Ho har ein trong etter å bli fylt av «ein mann, av stein, av ein steinmann». Eg seier ikkje meir. Den siste novella heiter «Bølgjer av stein». Handlinga, om det kan kallast handling, er lagt til eit landskap med fjord og fjell. Fosse er framleis i det gåtefulle og - ja, ein kan like godt seie det - pretensiøse hjørnet og skildrar ein mann og ei kvinne som ser ut til å ha overnaturlege evner. Det mest interessante med denne novella er den vekslande synsvinkelen. Utover det har eg lite å seie om denne teksten. 


Samlinga vert avslutta med diktet (eller «hymna») «Heilt utan ord», dedisert til den kristne mystikaren Meister Eckhart. Her er temaet bandet mellom sjelen og Gud. Utan at eg er ekspert på korkje Ekchart eller kristen mystikk, gjenkjenner eg ein del tankegods frå den mystiske tradisjonen i dette diktet. Også her lurar Fosse inn ein referanse til stein. Eigentleg eit ganske fint dikt med musikalske kvalitetar. 


Det var altså Levande stein av Jon Fosse. Her får ein litt av kvart, sakprosa, fiksjon og lyrikk, men når alt kjem til alt er denne bagatellen av ei bok meir luft enn substans, og til sjuande og sist sit eg ikkje att med meir enn enda eit skuldretrekk. Snart er ho nok gløymt.


Kommentarer

  1. "... sant å seie synest eg han er litt oppskrytt."
    Einig.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Varg Vikernes har ordet

  BOKOMTALE AV ESPEN D To Hell And Back Again Varg Vikernes 2025 I dag forbinder de fleste hardrock med koselige skallede bamser med skjegg og tatoveringer. Men hvis vi går tilbake til det tidlige 90-tallet, var det annerledes. Da var hardrockerne farlige, og den farligste av dem alle var Varg Vikernes aka Greven.  I 1994 ble han dømt for overlagt drap og flere kirkebranner. 31 år senere har Vikernes satt seg ned og skrevet sine memoarer. Akkurat slik musikeren Vikernes gjorde alt selv med enmannsbandet sitt Burzum, har han også gjort alt selv med denne boken. Skrevet selv, lest korrektur selv, ikke alltid med like stort hell, og gitt ut boken selv. Det har blitt en koloss av en bok med sine nesten 700 sider. Opprinnelig er boken skrevet som fem forskjellige bøker, men i år er altså alle bøkene samlet og gitt ut til den hyggelige prisen av 300 kroner. De fem delene er 1: «My Black Metal Story» der Vikernes skriver om hvordan han begynte med metall-musikk og hvordan kretse...

20 spådommer for 2025

  Akkurat som i fjor har vi tatt i bruk våre klarsynte evner og skuet inn i krystallkulen for å se hva den kan fortelle oss om det kommende året. Her er våre spådommer for 2025: 1. Sykefraværet i Norge går ned. 2. Donald Trump forbyr all politisk opposisjon og oppløser kongressen på ubestemt tid. 3. Ukraina vinner en overbevisende seier over Russland og gjenoppretter sine gamle grenser. (Med forbehold om at det kan skje allerede før nyttår.) 4. Arbeiderpartiet blir landets største parti i stortingsvalget i september, og den populære partilederen Jonas Gahr Støre fortsetter som statsminister.  5. Det norske langrennslandslaget møter uventet sterk konkurranse i verdenscup og VM. 6. Dagbladet publiserer ikke en eneste nakenspa-reportasje. 7. Offentlig pengebruk går ned i Norge. 8. En rekke øygrupper i Asia og Oseania blir ubeboelige etter at isen på Nordpolen smelter. 9. Det blir fred i Midtøsten.  10. Etter valget i oktober får Elfenbenskysten sin førs...

Bokomtale: Nettforgiftning

  Nettforgiftning Siw Aduvill og Didrik Søderlind Humanist Forlag, 2025 De siste årene har Würmstuggu skrevet en god del om fenomenet woke. Denne våren har vi publisert anmeldelser av to ferske bøker som tar opp temaet med en dybde vi sjelden ser i det offentlige ordskiftet, Wokeisme av Lars Erik Gjerde og Kateterprofetenes opprør av Andreas Hardhaug Olsen. Og i fjor sommer skrev vi om Frank Rossaviks De korrekte fra 2022. Nå er tiden kommet for å ta opp en bok som ser saken fra motsatt synsvinkel. I våres kom boken Nettforgiftning av Siw Aduvill og Didrik Søderlind. Boken, som har undertittelen Å miste noen til radikalisering og konspirasjonsteorier, har en helt annen tilnærming til stoffet og handler for så vidt ikke bare om woke i streng forstand, men også tilstøtende saksområder som klimapolitikk og håndtering av covid-pandemien. Didrik Søderlind er trolig en kjent skikkelse for de fleste av Würmstuggus lesere. Han arbeider som rådgiver for den statsfinansierte ateis...