Ei verd av is og stein ligg bada i det kalde ljoset frå ei utsløkt stjerne i augeblikka før alt er forbi. No krinsar verda kring ein mørkna kjerne av utbrent stoff. Slik byrjar gravferdssongen. Han stoppar brått - i femte verselina. Før det blir natt den aller siste gongen, må orda døy - som guden i maskina. Kan nokon sanse stilna gudetale? Eitt utdøydd versemål, ei mørklagt verd? Ein umælande gud i evig dvale? Veit nokon verkeleg kva kvile er? Illustrasjon: John Cassone
Katekismus for det oplyste Borgerskab