Før var Bogstaven som een Traad,
Nu staar den som en Kabel.
-Peter Dass
Nokre gonger synest røynda å vere eit framandt land, for ein stad der sansane og fornuften trumfar kjensler, hugleik og draumen om ei anna verd, kan neppe vere vår eigen. Ofte tek eg meg sjølv i å tilbringe timar i kontemplasjon over tankerekkjer som er bygd på ei myr gjennomtrukke av tårer og nedteikna med stolne symbol frå oldtidas høgkulturar. Dei hevdar ikkje å seie noko konkret om den objektivt observerbare verda eg tilbringer mesteparten av mine vakne timar i, men kanhende fortel dei noko om tilhøvet mellom den verkelege verda og den tårevåte myra der draum og von blandar seg med fragment av konkret eksistens. Det er vanskeleg å formulere fråsegn som ikkje ber i seg ei dialektisk rørsle mellom det tenkte og handfaste. Språket er ein laus masse som vanskeleg let seg binde. På same måte som sand er forstadiet til betong, er språket forstadiet til dei komplekse tankestrukturane me omtalar som litteratur. Men språket er også sand som renn mellom fingrane, eller fyller nedste halvdel av timeglaset, slavebunden som han er av tyngdekrafta. Når eg les fiksjon, ser eg ein avglans av ei verd som ikkje eksisterer i seg sjølv, men som likevel har ein eksistens uavhengig av dei orda ho er bunde til. Fiksjonen er ein hybrid mellom røynsle og uskuld, ein projeksjon av utemte lystar innanfor eit strengt syntaktisk og kulturelt rammeverk. Eg har ikkje lese noko av Don DeLillo før, men eg er sjølvsagt kjent med den høge statusen han nyt i det litterære etablissementet i Sambandsstatane. The Body Artist inneheld ein del interessante observasjonar kring tida og den plastiske måten ho kjem til syne for menneske i ulike situasjonar. Hovudpersonen er ein performancekunstnar som mistar mannen sin. Ho verkar levande for lesaren, og sorga ho opplever er nøkternt, men godt skildra. Men plottet er uinteressant, og boka er humørlaust og keisamt skrive. Star Trek har manifestert seg i mange medier sidan den fyrste fjernsynsserien frå 1966. Peter David har skrive fleire episodar av dei talrike TV-seriane, og han har også skrive ein del Star Trek-bøker. Before Dishonor er ein slags crossover mellom The Next Generation og Voyager, og boka er riktig så spanande. Det har sjølvsagt mykje å gjere med at det er dei kosmiske bolsjevikane i kyborgkollektivet THE BORG som er skurkane. RESISTANCE IS FUTILE. YOU WILL BE ASSIMILATED. Terningkast fire.Illustrasjon: Bob Bugg
Kommentarer
Legg inn en kommentar