Gå til hovedinnhold

Göttertod

Ei verd av is og stein ligg bada i 
det kalde ljoset frå ei utsløkt stjerne
i augeblikka før alt er forbi.
No krinsar verda kring ein mørkna kjerne
av utbrent stoff.
                              Slik byrjar gravferdssongen.
Han stoppar brått - i femte verselina.
Før det blir natt den aller siste gongen,
må orda døy - som guden i maskina.

Kan nokon sanse stilna gudetale?
Eitt utdøydd versemål, ei mørklagt verd?
Ein umælande gud i evig dvale?
Veit nokon verkeleg kva kvile er?

Illustrasjon: John Cassone

Kommentarer