Ein kime av det drepande mørkret
som ein gong kjem til
å oppsluke alt levande,
ber vi alle med oss
inst i livsprosessane.
Det stirrar på oss
med usynlege, iskalde auge,
og berre ventar på
eit høve til å leggje seg over kvar einskild
som ein kvelande film, som eit etsande
likklede.
(Illustrasjon: Carmine Infantino)
(Illustrasjon: Carmine Infantino)
Kommentarer
Legg inn en kommentar