Gå til hovedinnhold

Spitzenkleid oder Söckchen?

Always Right er ei bok om Margaret Thatcher av historikaren Niall Ferguson. Boka er ikkje ein biografi, og heller ikkje nokon uttømmande analyse av Thatchers politiske idear og leiarskap. Ferguson har valt å leggje til side dei strengt faghistoriske konvensjonane om objektivitet og heller gått inn for å skrive eit personleg og subjektivt essay. Han legg ikkje skjul på at han sett "jernkvinna" i 10 Downing street høgt, og ein god del av teksten handlar om Fergusons tid som Tory-fotsoldat på 1980-talet. Men det viktigaste er sjølvsagt Thatchers politikk og dei markedsliberalistiske grepa ho gjennomførte i perioden sin som statsminister. Då Thatcher overtok statsministerposten i 1979 var den britiske økonomien ramma av krise og inflasjon. Det var klart at det var naudsamt med ein økonomisk hestekur for å få økonomien på fote igjen. "There is no alternative." At dei mektige fagforbunda insisterte på å halde liv i ulønsamme industriar gjorde heller ikkje situasjonen betre. Thatcher valde som kjent å konkurranseutsetje store delar av det statseide næringslivet og knuse fagforbunda. Resultatet var at Storbritannia utover på 1980-talet opplevde økonomisk vekst igjen, sjølv om mange mista arbeidet. Fergusons tese, som stemmar godt overeins med Thatchers, er at dei sosiale problema Storbritannia opplevde i fyrste halvdel av 80-åra var ein pris det var verdt å betale for den oppsvingen i økonomien som etterkvart skulle kome til syne. Falklandskrigen, som skulle vise seg å vere gull verdt for veljaroppslutninga i 1983, brukar Ferguson ikkje mykje plass på, anna enn å slå fast at Thatcher ikkje kunne sitje og sjå på at den argentinske militærjuntaen forsynte seg av landområde under britisk herredøme, sjølv om øyene lå i Sør-Atlanteren. Ferguson nyanserer også biletet av Thatcher som ein særskilt sterk leiar med nærmast diktatoriske tendensar. Ho var, som alle politiske leiarskikkelser, også nøydd til å inngå kompromiss med dei andre regjeringsmedlemma, på godt og vondt. Boka er, som alt anna av Ferguson, godt skrive, med språkleg klårhet og vidd, og som nemnt, dette er ikkje ein biografi som pretenderer å presentere den endelege fasiten om Thatcher, og heller ikkje nokon statsvitskapeleg "objektiv" analyse av ideologi og politikk på høgresida i britisk politikk. Sjølv om boka er einsidig og tendensiøs, er ho eit kjærkoment korrektiv til dei meir "folkelege" oppfatningane om denne kanskje viktigaste statsministeren i etterkrigstida. Dette er ein såkalla Kindle Single - ei kort e-bok som, så vidt eg veit, kun er tilgjengeleg digitalt. Lat oss no gå over til avdelinga for teikneseriar: 
Nemo: The Roses of Berlin av Alan Moore og Kevin O'Neill (2014) er den andre boka i League of Extraordinary Gentlemen-spin-off'en om Kaptein Nemos dotter Janni. Den forrige boka i serien, Lovecraft-pastisjen "Heart of Ice", var ikkje mykje å rope hurra for, og denne er faktisk enda dårlegare. Denne gongen er referansene for ein stor del henta frå tyske ekspresjonistiske filmar frå 1920-tallet samt frå Charlie Chaplins Diktatoren. Handlinga, som utspelar seg under den andre verdskrigen i eit futuristisk Berlin, er særs enkel - her er det action heile vegen og lite rom for engasjerande personskildringer og utforsking av idear og litterære tropar, noko som vanlegvis er særmerke for Alan Moores seriar. Det at mykje av dialogen er på uomsett tysk, er eit merkelig kreativt val som ikkje på nokon måte tjener leseropplevinga. Teikningane til Kevin O'Neill er imidlertid like gode som dei plar vere, og han flettar ikonografien frå filmar som Metropolis og Caligaris kabinett inn på ein fin måte i det visuelle uttrykket. Noko skuffande må det seiast å vere at Alan Moore vel å nytte dei filmatiske referansene på ein overflatisk måte, utan å ta hensyn til dei politiske og ideologiske ideane som filmane kviler på. Der Fritz Lang
Metropolis tek opp problematikken rundt klassemotsetningar i samfunnet, og finn løysinga i den fascistiske ideen om klassesamarbeid, vel Moore å konsentrere seg om kvinnelege robotar og futuristisk arkitektur og teknologi. Og der Diktatoren på ein direkte måte kritiserer den nasjonalsosialistiske ideologien, nyttar Moore Chaplins rollefigur Hynkel berre som ein komisk stand-in for Hitler. Eg skal ikkje setje meg til doms over ein slik selektiv bruk av kjeldestoff, men når nazisme og krig spelar ein så sentral rolle bør ein kunne vente noko med litt meir substans. Alan Moore har mange gonger syna at han er kapabel til å ta opp alvorlege tema sjølv om sjangerval og presentasjonsform er prega av uhøgtideleg lek med populærkulturelt dildall, men eg må vedgå at det han har skrive dei seinare åra har vore lite anna enn ei oppvisning i hul, inkjesigande litterær leik.








Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Varg Vikernes har ordet

  BOKOMTALE AV ESPEN D To Hell And Back Again Varg Vikernes 2025 I dag forbinder de fleste hardrock med koselige skallede bamser med skjegg og tatoveringer. Men hvis vi går tilbake til det tidlige 90-tallet, var det annerledes. Da var hardrockerne farlige, og den farligste av dem alle var Varg Vikernes aka Greven.  I 1994 ble han dømt for overlagt drap og flere kirkebranner. 31 år senere har Vikernes satt seg ned og skrevet sine memoarer. Akkurat slik musikeren Vikernes gjorde alt selv med enmannsbandet sitt Burzum, har han også gjort alt selv med denne boken. Skrevet selv, lest korrektur selv, ikke alltid med like stort hell, og gitt ut boken selv. Det har blitt en koloss av en bok med sine nesten 700 sider. Opprinnelig er boken skrevet som fem forskjellige bøker, men i år er altså alle bøkene samlet og gitt ut til den hyggelige prisen av 300 kroner. De fem delene er 1: «My Black Metal Story» der Vikernes skriver om hvordan han begynte med metall-musikk og hvordan kretse...

20 spådommer for 2025

  Akkurat som i fjor har vi tatt i bruk våre klarsynte evner og skuet inn i krystallkulen for å se hva den kan fortelle oss om det kommende året. Her er våre spådommer for 2025: 1. Sykefraværet i Norge går ned. 2. Donald Trump forbyr all politisk opposisjon og oppløser kongressen på ubestemt tid. 3. Ukraina vinner en overbevisende seier over Russland og gjenoppretter sine gamle grenser. (Med forbehold om at det kan skje allerede før nyttår.) 4. Arbeiderpartiet blir landets største parti i stortingsvalget i september, og den populære partilederen Jonas Gahr Støre fortsetter som statsminister.  5. Det norske langrennslandslaget møter uventet sterk konkurranse i verdenscup og VM. 6. Dagbladet publiserer ikke en eneste nakenspa-reportasje. 7. Offentlig pengebruk går ned i Norge. 8. En rekke øygrupper i Asia og Oseania blir ubeboelige etter at isen på Nordpolen smelter. 9. Det blir fred i Midtøsten.  10. Etter valget i oktober får Elfenbenskysten sin førs...

Bokomtale: Nettforgiftning

  Nettforgiftning Siw Aduvill og Didrik Søderlind Humanist Forlag, 2025 De siste årene har Würmstuggu skrevet en god del om fenomenet woke. Denne våren har vi publisert anmeldelser av to ferske bøker som tar opp temaet med en dybde vi sjelden ser i det offentlige ordskiftet, Wokeisme av Lars Erik Gjerde og Kateterprofetenes opprør av Andreas Hardhaug Olsen. Og i fjor sommer skrev vi om Frank Rossaviks De korrekte fra 2022. Nå er tiden kommet for å ta opp en bok som ser saken fra motsatt synsvinkel. I våres kom boken Nettforgiftning av Siw Aduvill og Didrik Søderlind. Boken, som har undertittelen Å miste noen til radikalisering og konspirasjonsteorier, har en helt annen tilnærming til stoffet og handler for så vidt ikke bare om woke i streng forstand, men også tilstøtende saksområder som klimapolitikk og håndtering av covid-pandemien. Didrik Søderlind er trolig en kjent skikkelse for de fleste av Würmstuggus lesere. Han arbeider som rådgiver for den statsfinansierte ateis...