Konstantin Juon, «Landsby i Novgorod-guvernementet», 1912
Biletet ovanfor, ein idyllisk scene frå ein sumardag på landsbygda nord i Russland, vart måla av Konstantin Juon i 1912, to år før utbrotet av krigen som skulle gjere slutt på det russiske keisarriket og føde det sosialistiske imperiet vi i dag kjenner som Sovjetsamveldet. Kunstnaren, Konstantin Juon, vart fødd i Moskva i 1875 og vart utdanna ved Moskvas skule for måling, bilethogging og arkitektur. Han var innom fleire stilretningar gjennom karriera si, både impresjonisme, symbolisme og, dei siste tiåra av livet, sosialistisk realisme, og er kjent for landskapsmåleri, arkitektoniske motiv og skildringar av folkeliv i by og bygd, så vel som meir propagandistisk orienterte bilete. Juon arbeidde også med scenografi for Moskva kunstteater og Malyj dramateater. Juon vart etter kvart ein høgt dekorert kunstnar for innsatsen sin for kunsten, staten og den internasjonale sosialismen. Han vann Stalinprisen i 1943 og vart tildelt ei rekkje heidersteikn, mellom anna Leninordenen. Konstantin Juon døydde i Moskva våren 1958.

Kommentarer
Legg inn en kommentar