I kveldinga, før stjerneljoset treffer
planeten, kviskrar vinden mjukt: «Gå heim»,
så stilt, «Gå heim», og når du svarar «Kor?»
så fyllest lufta med ein velkjent eim
som vekker minne om ei tid som brått
vert levande som om ho var her no.
Og «kor» vert «når», og «då» vert «no», og gløymsel
vert viska ut. Kven står der? Er det ho?
Men augneblinken varar ikkje lenge.
Det er’kje ho, ei framand kvinne berre.
Og tida finn igjen sitt vante gjenge,
og vinden tier still og byrjar snerre.
Eg hastar heim. Det var ein rask visitt.
Ein kan’kje bli, men får ein liten titt.
Illustrasjon: Félix Buhot
Kommentarer
Legg inn en kommentar