Hver fugleart søger fortrinsvis en bestemt landskapstype. Denne kaldes dens biotop, hvilket simpelthen betyder levested, af særlig viktighed er ynglebiotopen, den landskabstybe, fuglen vil yngle i.
Med dette sitatet frå boka Jeg ser på fugle (Politikens Forlag 1966) opnar Hildegunn Dale diktsamlimga Huset jorda i vatn. Sitatet fungerer som eit slags tematisk program form boka, som inneheld 71 korte tekstar som krinsar rundt tema som heim, natur og og formering.
Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga til Hildegunn Dale, i alle fall om ein skal tru det som står under fotografiet av ei mørkhåra, lett smilande kvinne som kvilar hovudet sitt mot handa, på omslaget. Eg har eigentleg ingen grunn til å tvila på denne informasjonen (og når eg googlar namnet hennar, ser eg at det finst likskapar mellom forfattaren og lyriske subjektet i diktsamlinga, men dette lét eg som eg ikkje veit i fortsetjinga av denne teksten), så eg seier det ein gong til: «Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga til Hildegunn Dale».
Dale skriv frie vers utan bruk av punktum, men med komma og spørsmålsteikn. Ho innleier setningane sine med stor forbokstav. Ho står altså trygt innanfor dei dominerande formale rammene dei fleste moderne poetane i Noreg i dag held seg til. Sjølv om dette er ei samling dikt, er det samstundes ei slags historie som vert fortalt. Dei einskilde tekstane står altså ikkje på eiga hand, men inngår i ein heilskap. Også dette er vanleg i moderne diktsamlingar. Sjølv tenkjer eg at om det gjennomgåande narrativet er så viktig, hadde kan hende vore betre om forfattaren hadde valt romanforma. For som lausrivne tekstar utan vidare kontekst er det lite å hente i dikta. Dei manglar både «punch» og språkleg briljans.
Historia dreier seg kring eit opphald på ei øy på Vestlandet, som ser ut til å vere Fedje, om ein skal slutte ut frå stadnmna som vert oppgitt i eit av dei siste dikta i boka. På denne øya bur diktar-eget ei avgrensa periode åleine. Kva ho gjer der, vert ikkje sagt i klartekst, men det kan verke som det ligg eit samlivsbrot imnær fortid. Ho fartar no rundt på øya, padlar litt i kajakken sin og tek til seg sterke inntrykk frå den ville naturen, slik me ofte ser hos desse vestlandspoetane når hav, blåst, fjell, vegetasjon og dyreliv skal skildrast. I huset der ho bur, kjenner ho nærværet av folk som har budd i og vitja huset før. Og midt oppi all denne einsemda er det også nokre hint om erotiske behov.
Dale gjer lite nytt. Alt er veldig konvensjonelt, både språkleg og tematisk. Eg tvilar ikkje på at dette skriveprosjektet var viktig for ho, men som lesar får eg lite ut av desse personlege skribleria. Boka kostar 329 kronar. Det blir 4 kroner og 63 øre pr. dikt. Om du kjøper den digitale versjonen, får du 30 kroner avslag. Ynskjer du lese boka, tilrår eg at du låner ho på biblioteket.
Huset jorda i vatn
Hildegunn Dale
Samlaget, 2024
Kommentarer
Legg inn en kommentar