I fjor publiserte vi et par leserinnlegg av mikroblogger og Tesla-eier Sverre G. Skogvik. Der berettet han om sine kvaler som bruker av tjenester og produkter fra Elon Musks forretningsimperium. Du kan lese innleggene her og her. Nå har Skogvik igjen sendt oss et leserbrev. Hvordan går det med mikrobloggingen hans, og hva har han gjort med Teslaen? Vi publiserer brevet her i uavkortet form.
Kjære Würmstuggu
For om lag eit år sidan publiserte de eit par lesarinnlegg frå meg der eg fortalde om kvalane mine som mikrobloggar og Tesla-eigar etter at den afroamerikanske forretningsmannen Elon Musk kjøpte opp Twitter. Eg trur mange av lesarane dykkar lurer på korleis det går med meg og kva eg har gjort for å unngå å støtte det fascistiske prosjektet til Musk. La meg seie fyrst som sist: Eg er ferdig med Elon Musk.
Som eg skreiv førre gong, har eg slutta å bruke Twitter, eller «X» som nettstaden heiter no (tydelegvis inspirert av Vladimir Putins «Z»). Rett nok har eg ikkje sletta kontoen enno, og det hender framleis at eg ein sjeldan gong sleng ut ein «tweet», eller kva det no vert kalla no. Men det er som sagt ikkje ofte, berre eit par gongar om dagen, og mottakarane er langt færre, for eg har valt å blokkere dei fleste som publiserer problematisk innhald der. Ein type stoff som særleg gjorde meg opprørt i fjor vinter, var konspirasjonsteoriane om dei sokalla «Twitter Files». Dette var openbert eit propagandaframstøyt frå Musk (og dei høgreekstreme «journalist»-lakeiane hans) som hadde som siktemål å rettferdiggjere gjenopprettinga av kontoane til Donald Trump og andre subversive stemmer frå ytre høgre. Terfane ser ut til å ha formert seg, så det har vorte mange blokkeringar det siste året. Eg gjer også kort prosess med folk som deler stoff frå heil- og halvfascistiske medieaktørar som Subjekt, Wolfgang Wee, Nettavisen og Fox News.
Som eg skreiv førre gong har eg byrja å mikroblogge på nettenesta Mastodon. Aktiviteten der har dabba litt av dei siste månadane, men eg har von om at nettet byrjar å koke der så snart «X» har gått konkurs. Eg har også skaffa meg konto på nykommaren Bluesky. Eg har ikkje vore der så lenge, men inntrykket er godt, for nettstaden er heldigvis fri for terfar og klimafornektarar.
Nok om sosiale medium. Det er sikkert mange som lurar på kva avgjerd eg har komme til når det gjeld Teslaen min. Eg har ikkje destruert han, som de i Würmstuggu-redaksjonen foreslo, og heller ikkje selt han. Det eg har gjort, er å overlate eigarskapet til kona. Ho er ei klok kvinne, så eg er sikker på at ho vil treffe ein klok avgjerd om Teslaens lagnad innan kort tid. Men inntil vidare er det eg som køyrer bilen, for kona har ikkje førarkort. Klart det stikk litt i samvitet, men ein må jo kome seg rundt. Og eg har alltid på solbriller og lausbart når eg køyrer, så ingen ser at det er eg som sit bak rattet.
Helsing
Sverre G. Skogvik
Skarnes
Kommentarer
Legg inn en kommentar