Flammetreets blod
Francçois Migeat/Claude Auclair
Semic, 1986
Her om dagen las eg teikneseriealbumet Flammetreets blod av Francois Migeat og Claude Auclair for fyrste gong på mange, mange år. Det var eit gildt gjensyn ned ein ekstremt velteikna serie med ei interessant historie som nyttar ein del interessante forteljargrep, men som likevel framstår som litt pompøs og fylt av antikolonialistisk poetisk harme. Historia er basert på verkeliege hendingar, og handlinga utspelar seg på den karibiske øya Martinique på 1940-talet, der den franske kolonimakta i ni år freista å få has på den dødsdømte Albon (eller René-Louis Beauregard, som var fødenamnet hans), ein tidlegare forvaltar ved ein sukkerplantasje som etter å ha drepe kona si og banka opp plantasjeeigaren flyktar ut i villmarka for å unnsleppe lova. Som fredlaus vert han eit symbol på motstand mot kolonimakta og uretten i det klasse- og rasedelte øysamfunnet.
Diverre vil nok denne serien bli oppfatta som djupt rasistisk i dag, for ordet «neger» vert hyppig brukt i dialogen, og det utan at det vert tillagt negative konnotasjonar. Dessutan er begge opphavsmennene kvite franskmenn som heilt sikkert manglar adekvat «lived experience» til å fortelje om svarte menneske i koloniane. Men serien vart laga i 1984 (og den norske utgåva er frå 1986), og då visste ein vel ikkje betre. Kanskje det er best å brenne eksemplaret mitt, så eg ikkje ein dag vert arrestert for å ha hatlitteratur i bokhylla mi.
Sjølv om serien har mange kvaliteter, er det diverre eit underskot på dramatikk. Og då tenkjer eg ikkje berre på actionscenar, som det godt kunne ha vore fleire av, men også indre drama. For karakterane vert litt flate og har litt for mykje karakter av å vere romantiserte symbol i staden for verkelege menneske av kjøtt og blod. Men for all del, serien er underhaldande nok og fabelaktig teikna i svart-kvitt, noko som gjev Auclair høve til å gå amok med presise pennestrok og fine skraveringar som får fram ljosforhold og vegetasjon i det tropiske miljøet på ein framifrå måte.
Ein ting som overraska meg då eg byrja finne informasjon om serien på internettet etter å ha lese ut albumet, er at dette er ein adapsjon av ein film Migeat laga i 1981. Eller eigentleg er det vel bare historia som er den same. For teikneserien inneheld mykje som ikke er med i filmen, særleg av forteljarteknisk art. Dessutan liknar ikkje figurane i serien på skodespelarane i filmen. Om du er interessert i å filmen helt gratis og utan å måtte oppsøke ein filmkkubb via til gløymde franske filmer, kan du berre klikke på denne Youtube-lenka.
Les gjerne Flammetreets blod om du du føler for å lese ein visuelt imponerande, men litt treig teikneserie om kolonialisme i Karibia. Likar du Auclair, men føretrekkjer science fiction, tilrår eg klassikaren Simon fra floden. Og om korkje bilete eller ord interesserer deg, kan du spasere ein tur og fundere over korleis kolonialismen har forma verda slik me kjenner ho i dag.
Kommentarer
Legg inn en kommentar