Gå til hovedinnhold

Fra Würmstuggus postkasse: Twitter, Mastodon og den nye hverdagen på sosiale medier

 


Vi har atter mottatt et brev fra Sverre G. Skogvik, som for en tid siden delte sin bekymring for Twitter etter den afro-amerikanske forretningsmannen Elon Musks oppkjøp av Big Tech-giganten. Vi publiserer brevet i uavkortet form.


Kjære Würmstuggu


Takk for at de publiserte brevet mitt om kvalane eg har gått med når det gjeld Twitter. Det hjelpte meg til å treffe eit val eg kan stå inne for. For nokre dagar sidan annonserte eg til mine «followers» at eg snart kom til å forlate plattforma, og etter eit par-tre påminningar om planane mine, gjekk eg i dag til det endelege skrittet å forlate mikrobloggtenesta som har vore så viktig fot meg sei seinaste åra. (Eg har rett nok ikke sletta appen enno, for eg vil ha moglegheita til å følje med, men frå og med idag vil eg ikkje lenger poste noko på Twitter, kan hende sett bort frå fra ein og annan retweet. Dessutan vil jeg halde fram med å «like» postane til mine «allies».)


Men det betyr ikkje at eg har slutta å mikroblogge. Langt ifrå! Eg har nemleg slutta meg til den stadig veksande straumen av mikrobloggarar som har gått over til Twitters konkurrent Mastodon. 


Dette er eit nytt nettsamfunn som eg verkeleg har tru på. Mange kjente andlet frå Twitter har allereie funne vegen over, og sakte, men sikkert er den norske Mastodon-serveren «Snabelen» i ferd med å bli eit godt alternativ til den alt meir høgreekstreme trollfabrikken som Twitter har vorte etter at Elon Musk overtok eigarskapet. Mastodon er eit desentralisert sosialt medium der nettroll og bots ikkje har teke over, og kjendisar og maktpersonar ikkje treng å betale for premium-medlemskap. 


Mastodon byrjar allereie å likne «gamle Twitter», og det er ingenting å utsetje på entusiasmen. Vi er ved godt mot og oppmuntrar kvarandre kvar dag til at dette kjem til å bli ein fin stad å vere, berre vi vert litt fleire. Dei gamle kjenningane er godt i gang med å «tute» (som det heiter på Mastodon) om kjepphestane sine. Miljø, klima, mangfald, rasisme, LGBTQIA - ingen tema er for kontroversielle, og humoristane blant oss glimtar til med skråblikk og sylkvasse observasjonar om både det eine og det andre.


Men alt føregår i ansvarlege former. Me har mellom anna diskutert om det er greit å ha norsk flagg i profilen. Norske flagg kan jo verke ekskluderande for folk som tilhøyrer minoritetar, og elles vekke assosiasjonar til rasisme og fascisme. Men kva om det norske flagget vert supplert med eit LGBTQIA-flagg? Som du ser, er me ute etter å finne konstruktive løysingar, ikke skrike til kvarandre som uforsonlege ekstremistar. Me er alle opptekne av at Mastodon skal vere ein trygg plass, ikkje ein stad der rasistar, terfar, gubbar og replyguys kan skape giftig stemning. Det er nesten ikkje måte på kor mykje betre, tryggare og meir oppbyggeleg Mastodon er enn Twitter.


Når det gjeld Teslaen min, har eg ikkje treft ei avgjerd enno, men eg hellar mot å selje han. Eg vurderer å kjøpe ein tysk bil i staden, kan hende ein Mercedes eller BMW. Tyskland har jo strenge lovar når det gjeld kva som kan publiserast på sosiale medium, og tyskarane er ikkje redde for å ta opp kampen mot dei store EDB- og Big Tech-bedriftane, deriblant Twitter. Her er Tyskland eit føregangsland som synar kva ein sterk stat med eit strengt lovverk kan utrette. 


Eg vil oppmode alle Würmstuggus lesarar til å følje mitt døme. Kom deg over på Mastodon og sel Teslaen! Livet er for kort til å gjere ting ein angrar på.



Med optimistisk helsing

Sverre G. Skogvik

Skarnes



Würmstuggu svarer:


Takk for interessante tanker om noen av vår tids viktigste saker. Det virker som Twitters dager er talte, og Elon Musks forretningsimperium står for fall.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hatpropaganda i skolebibliotekene

  Vi har mottatt et foruroligende brev fra en av våre lesere. Vi publiserer det i uavkortet form.  Kjære Würmstuggu Jeg er en kjærlig forelder til en 15-åring som går på ungdomsskolen. Her om dagen kom hen hjem og fortalte noe som rystet vår lille familie langt inn i ryggmargen. Dette hendte mens klassen var på biblioteket for å finne en bok å lese. Mens vår unge skoleelev gikk der mellom bokhyllene på jakt etter lesestoff, fikk hen øye på noen bøker hen har hørt meget om, men aldri lest. (Vi er påpasselige med å gi hen egnet litteratur med gode verdier.) Der stod nemlig «Harry Potter»-bøkene av J.K. Rowling i all sin fargerike, forlokkende prakt. Her må noen ha sovet i timen, tenkte vi, for ingen som følger med i nyhetsbildet kan vel ha unngått å få med seg at Rowling er en moderne hatprofet som sprer sin giftige transfobiske propaganda ikke bare på «sosiale medier», men også gjennom disse tilsynelatende harmløse barnebøkene og de filmene de er basert på. Da vårt barn konfronterte bib

Würmstuggu avslører: Vi trollet nyhetsbildet

  Den observante Würmstuggu -leser har nok fått med seg at vi ved enkelte anledninger har prøvd oss på den humoristiske genren «satire» i det siste. Vi innrømmer gjerne at vi har har latt oss inspirere av komikeren Andrew Doyles hyperwoke figur «Titania McGrath» . «Titania» var i utgangspunktet en parodikonto på Twitter, men har etterhvert også blitt spaltist i diverse publikasjoner, særlig Spike , og har dessuten gitt ut et par bøker.  Vi hadde også lyst til å lage figurer som kunne oppfattes som virkelige personer og levde et eget liv utenfor Würmstuggus spalter. Den siste tiden tiden har det pågått en debatt om fenomenet kanselleringskultur, altså forsøk på å frata folk jobben basert på meninger de gir uttrykk for. Dette er noe vi i redaksjonen har opplevd selv. Vi har lagt merke til at folk som støtter slike kanselleringsforsøk, vanligvis ut fra et «woke» venstreradikalt ståsted, som regel benekter at slikt finner sted, i hvert fall her i Norge. Derfor tenkte vi at dette kunne dan

Frå Würmstuggus postkasse: Bør eg forlate Twitter?

  Me har fått eit brev frå ein lesar som stillar nokre viktige spørsmål. Nynorsken var skrekkeleg, så me har tatt tillate oss å rette opp dei verste feila med omsyn til grammatikk og ortografi. Kjære Würmstuggu Eg står i eit frykteleg dilemma. Og eg trur ikkje eg er den einaste som tenkjer på dette. Kan eg med god samvit halde fram med å bruke den populære mikrobloggtenesta Twitter no som ho har blitt kjøpt opp av Elon Musk? Og kva skal eg gjere med bilen min?  Etter at Musk byrja å kome med trugsmål om å kjøpe opp Twitter i våres, og la fram sine ambisjonar om å slutte å røkte innhaldet der, har det gått meir og meir opp for meg at han er ein fascist som under dekke av  «ytringsfridom», kva no der inneber i vår tid, og «meiningsutvekskling», har som føremål å skape splid og hat blant menneska og leggje til rette for auka rovdyrskapitalisme i verda. Farlege stemmer skal ikkje lenger utestengast, og det skal etter kva eg forstår, ikkje lenger vere grenser for kva ein kan skrive der. Ja,