Vi har mottatt et leserinnlegg fra noen kjekke, engasjerte ungdommer fra Innlandet. De setter fingeren på noe mange nok har gått og tenkt på idag.
Kjære Würmstuggu
Me er eit ungdomslag frå Vågå som har gjort nokre observasjonar som uroar oss i dag, den 8. mai. Dette er jo som kjent «frigjeringsdagen» eller «sigersdagen» som han vert kalla i andre land. Dagen er ein offentleg flaggdag, og rundt om i Noreg og Europa vert dagen markert med ulike seremoniar som underslår dei problematiske sidene ved sigerherrane på alliert side i krigen. Sjølv kjenner me ein beisk smak ved denne feiringa av sigeren over Det tredje riket. Lat oss forklare:
I fjor sumar vart det via mykje merksemd kring Winston Churchills rasisme. Ja, han brukte til og med nedsetjande ord om ikkje-kvite menneske ved fleire høve. Og det er ein kjent sak at det britiske imperiet overlevde i mange år etter krigen.
Og at Charles DeGaulle var ein rasist og kolonialist kan vel ingen ha unngått å få med seg. Avslutninga av andre verdskrigen representerer på mange måtar gjenopprettinga av det franske imperiet i Indokina og Nord-Afrika. På kva måte var hans siger over Tyskland eit framskritt for menneskja?
Og alt tyder på at både Franklin D. Roosevelt og Harry S. Truman nytta n-ordet fleire gonger i sine presidentperiodar. Og kvifor engasjerte dei seg i krigen om det ikkje var for å skydde sine kolonialistiske interesser i Asia og Europa?
Den einaste av sigerherrane som går fri i denne samanhengen, er nok Josef Stalin, som var mest oppteken av å utjamne skilnadene som tsarveldet hadde skapt i Russland. At han skulle ha rasistiske antipatiar mot særskilte etniske grupper fell på si eiga urimelegheit. Sovjetunionen hadde jo heller ingen koloniar under framande himmelstrok.
Det me lurer på er: Vart statuane av desse rasistiske og kolonialistiske leiarane velta til ingen nytte i fjor? Har me allereie gløymt den svarte arven frå vestens imperialistiske leiarar? Var no eigentleg den britiske, franske og amerikanske imperialismen noko betre enn den tyske og japanske? Har me eigentleg noko å feire 8. mai? Kva synest de, Würmstuggu?
Helsing
Vågå Gymnasiast- og Studentlag
V. Stein Harsvik
Würmstuggu svarer:
Me synest de har eit poeng. Til lesarane våre seier me berre: Køyr debatt!
Kommentarer
Legg inn en kommentar