PERSONAR
Mannen
Den andre mannen
MANNEN
Nei, er det den karen som er ute og går?
DEN ANDRE MANNEN
Eg skulle tru det
ein annan kar er det knappast.
MANNEN
Kva er på ferde i dag då
Kort pause
Eg meiner, kor er du på veg
DEN ANDRE MANNEN
Eg skal vitja ei nyinnflytta enke oppi dalen her
Ganske ung
Smiler lurt
Ho treng hjelp med å rive eit uthus
Bryt seg av
Ja det er ikkje store uthuset
berre eit lite eitt
Ho seier det ikkje er noko å taka vare på
MANNEN
Nei alt kan ein vel ikkje taka vare på
DEN ANDRE MANNEN
Du då
Då eg såg deg kome gåande var nest så eg kunne sjå at du gjekk og tenkte på noko
Kort pause
Ja nest så du gjekk fordjupa i eigne tankar
for du såg ikkje ut til å leggje merke til omgjevingane
MANNEN
Eg gjekk og tenkte på boka eg nett har lese
DEN ANDRE MANNEN
Kva for bok
MANNEN
Vaim hotell heiter ho
Det er den nye romanen til Jon Fosse
Ja, det er berre nokre månader sidan boka kom ut
så eg trur det må vere den nyaste romanen hans
Kort pause
Når eg tenker meg om er eg ganske sikker på at det er den siste boka han ga ut
Skjønt ein kan aldri vere sikker
for Fosse er ein produktiv forfattar
Han gjev ut bøker i ein rasande fart
DEN ANDRE MANNEN
Så kva har du å seia om boka
Ja likte du ho
MANNEN
Joda
Trekk litt på det
Eg gjorde jo det
Tek fram eit ark frå innerlomma og byrjar lese:
«Vaim hotell er den andre boka i ein trilogi om den oppdikta vestlandsbygda Vaim. Eg har ikkje lese den fyrste boka i serien, så eg kan ikkje seie noko om serien som heilskap, men det er inga tvil om at Jon Fosse er inne på noko her. Vaim hotell var for meg ei særs lystprega lesaroppleving. Språket han nyttar, syg lesaren inn og gjer det umogleg å ta eit aldri så lite opphald i lesinga før ein har slukt fleire titalls sider. Lesinga mi gjekk føre seg i tre intense økter. Som vanleg har Fosse sløyfa punktum og avsnitt, noko som gjev språket ein fart ein ikkje finn i dei dramatiske tekstane hans. I boka følgjer me, sekund for sekund, tankestraumen til ein namnlaus og løyndomsfull mann som tek inn på hotellet i bygda. Der vert mannen utsett for mykje merkeleg framferd frå bygdefolket. Eg tenkjer at eg ikkje ville blitt mange minutta på hotellet, slik som vertinna held på. Men kanskje eg, som hovudpersonen, ville ha rasjonalisert det og berre godteke meir og meir bisarr åtferd frå menneska rundt meg. Kan hende det er det Fosse freistar å seia noko om her. Eg ser at fleire har kalt dette ein slags grøssar. Det kan eg vere samd i. Den tilsynelatande alternative logikken som pregar handlingane og tankane til romanfigurane skapar ei litt uhyggeleg stemning. Og så er det eit skrømt med forteljinga. Det er berre fire personar med i romanen: hotellgjesten, vertinna, ein handelsmann og ein sjømann. Omfram forteljarstemma er det ingen av karakterane som vert framstilt realistisk. Dei er typar. Og dei har kvar sin tydelege funksjon i handlingsgangen. Og dette er ikkje ein realistisk historie. Men underhaldande, det er han. Ja, eg vil seie det er ein av dei betre romanane eg har lese i år. Så om du likar medrivande og idiosynkratisk skriven prosa av ein original og stilsikker forfattar som kan kunsten å fortelje ei god historie, lyt du vurdera å plukke med deg denne romanen. Sjølv må eg sjå om eg får lese den fyrste boka i serien, Vaim, ein av dagane.»
DEN ANDRE MANNEN
Skal du publisera det der
MANNEN
Ja eg tenkte jo det
DEN ANDRE MANNEN
Men kvifor
bryt seg av
Kunde du ikkje
bryt seg av
Ja teksten var ikkje dårleg
Ikkje gløym å lese grundig korrektur
MANNEN
Det skal eg ikkje gløyma
Men du
kort pause
No må eg koma meg av gårde
Eg må bere nokre tømmerstokkar ned til vegen før det vert mørkt
Me sest vel
Vaim hotell
Jon Fosse
Samlaget, 2026

Kommentarer
Legg inn en kommentar