![]() |
| Leonid Brezjnev i 1943 |
Eg er nok ikkje den einaste som kjende eit drag av melankoli leggje seg over hug og sinn då det litt utpå morgonkvisten i dag gjekk opp for meg at nett i dag, den tiande november, berre eit par dagar etter 109-årsdagen for den store bolsjevikrevolusjonen, er det 44 år sidan Leonid Brezjnev, leiaren av det mektige Sovjet-imperiet gjennom 18 år, frå 1964 til 1982, døydde, 76 år gamal, etter fleire år med skrantane helse. Eg reknar med at både kona, Viktoria, og borna, Jurij og Galina, var utrøystelege då dei fekk dødsbodskapen, men at dei òg var takksame for dei varme hyllestene til den elskelege generalsekretæren frå det russiske folket og dei sosialistiske landa i dagane etter dødsfallet. Hadde Brezjnev hatt stålhelse og unngått døden fram til i dag, hadde han no kunna sjå fram til å feire 120 år om halvannan månad.

Kommentarer
Legg inn en kommentar