Gå til hovedinnhold

Bokomtale: Doggerland




Doggerland

Agnes Ravatn

Samlaget, 2025


Eg har nett lese romanen Doggerland av Agnes Ravatn. Eg veit at Ravatn har vore litt av ein «superstar» i Noregs litterære dameklasse i ein god del år no, men for meg har ho berre vore eit etter kvart kjent fjes i avisene som frå tid til anna har noko å meddele om bøker og ymse anna. Dette er med andre ord den fyrste romanen hennar eg har lese. Og dette er ein bok med både sterke og svake sider.


Boka handlar om eit familieeigd forlag som skal overførast til neste generasjon. Kven av søskena overtek direktørstolen? Litteraturelskaren eller bedriftsøkonomen? Historia vert fortalt av Edda, redaktør og kona til direktørsonen Filip, den eine av dei to pretendentane til direktørstolen. I byrjinga framstår Edda som sympatisk og ei aning snusfornuftig, men så dukkar det opp eit mystisk manuskript, og etter kvart som historia skrir fram, vert det klart at dette er ei kvinne med pikante løyndomar i fortida si og ein meir pragmatisk personleg moral enn ein fyrst skulle tru. 


Romanen er fortalt i presens, noko som skapar nærleik til figurane og hendingane, og gir ei kjensle av å vere til stades i handlinga. Ja, det vert litt som teater. For settinga, eit hotell på ei lita øy, er minimalistisk, nok til fint å passe inn på ei teaterscene. Handlinga utspelar seg over to dagar, og rollegalleriet tel ikkje meir enn åtte figurar. Joda, dette kunne godt vore eit teaterstykke. Eg synest også det nesten er noko ibsensk over korleis handlinga føre seg parallelt her og no, og i fortid, der stadige mørke løyndomar vert avslørte, og korleis dei moralske bristane til karakterane til sjuande og sist er det som driv historia fram. Romanen inneheld ei rekke overraskande vendingar som vert utporsjonerte med jamne mellomrom, slik at boka sjeldan rekk å bli keisam. For å halde oss til dramatikken, minner ikkje stykket meg berre om Ibsens tragedier, for det har også element av farse. Meir om det sidan.  I alle høve er «Doggerland» ein godt strukturert og engasjerande skriven roman. 


Også tematisk er boka interessant. Ikkje berre handlar boka om eit forlag som gir ut skjønnlitteratur, ho handlar også om litteraturens plass i samfunnet i dag og, enda viktigare, i framtida. Kan litteraturen overleve når stadig færre har interesse for å lese, og endå verre, i aukande grad manglar vilje og evne til å konsentrere seg lenge nok til å få utbytte av større tekstmengder? Skal ein tvihalde på kultur som er i ferd med å døy ut? Svaret er sjølvsagt ja, men ein må også ta inn over seg at stadig fleire, også av dei som held til høgare opp i kulturhierarkiet, ser på tradisjonen som eit trugsmål mot den framskrittsvenlege, mangfaldige og stadig meir moralske moderniteten. Ein kan også sjå avtrykk av dette idékomplekset i Ravatns handsaming av spørsmål knytt til familie, seksualitet og reproduksjon. Men lat oss no ikkje henge oss for mykje opp i dette, for dette er ikkje ein idéroman.


Eg nemnte at boka har nokre svake sider. Fyrst og fremst gjeld det slutten. Det verkar som Ravatn fekk litt hastverk då ho skulle avslutte boka, for ho lessar på litt vel mykje på dei siste sidane av boka. Eg nemnte at Doggerland har eit visst farsepreg, og det gjeld særleg avslutninga. Det er nesten så ein sit igjen og tenkjer: «Kva las eg no?»


Du spør kan hende: «Vil du tilrå lesarar som set pris på samtidslitteratur med gode idear og fin gjennomføring, å lese Doggerland?» Då svarar eg utan å tenkje for mykje over spørsmålet: «Ja, kvifor ikkje?»



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Varg Vikernes har ordet

  BOKOMTALE AV ESPEN D To Hell And Back Again Varg Vikernes 2025 I dag forbinder de fleste hardrock med koselige skallede bamser med skjegg og tatoveringer. Men hvis vi går tilbake til det tidlige 90-tallet, var det annerledes. Da var hardrockerne farlige, og den farligste av dem alle var Varg Vikernes aka Greven.  I 1994 ble han dømt for overlagt drap og flere kirkebranner. 31 år senere har Vikernes satt seg ned og skrevet sine memoarer. Akkurat slik musikeren Vikernes gjorde alt selv med enmannsbandet sitt Burzum, har han også gjort alt selv med denne boken. Skrevet selv, lest korrektur selv, ikke alltid med like stort hell, og gitt ut boken selv. Det har blitt en koloss av en bok med sine nesten 700 sider. Opprinnelig er boken skrevet som fem forskjellige bøker, men i år er altså alle bøkene samlet og gitt ut til den hyggelige prisen av 300 kroner. De fem delene er 1: «My Black Metal Story» der Vikernes skriver om hvordan han begynte med metall-musikk og hvordan kretse...

20 spådommer for 2026

  Würmstuggus klarsyntredaksjon har atter funnet frem krystallkulen for å se hva det kommende året har å by på.  1. Donald Trump må gå av som president etter å ha blitt dømt i retten. J.D. Vance tar over, og de fleste synes han gjør en god jobb som den frie verdens leder. 2. Ukraina gjenerobrer alt tapt land fra Russland. 3. Antallet trygdede går ned i Norge. 4. Norske milliardærer som har emigrert til Sveits, begynner å få samvittighetskvaler, og mange av dem velger å remigrere til Norge for å hjelpe til med å finansiere staten. 5. Norge slår England i finalen i verdensmesterskapet i fotball. 6. Sex går av moten. 7. Høyrepopulismen går kraftig tilbake i Europa. 8. Palestinerne innser at Israel er deres venner, og at de jødiske bosetterne på Vestbredden bare er der for å helpe dem. 9. Sportsjournalistene blir endelig anerkjent som en viktig yrkesgruppe. 10. Det råder full harmoni i Würmstuggu-redaksjonen.  11. VG og Dagbladet oppdager at de som er in...

Bokanmeldelse: Integreringen som ikke gikk seg til

  Integreringen som ikke gikk seg til Almir Martin Cappelen Damm Almir Martin har de siste par årene bemerket seg som en uredd stemme i innvandringsdebatten. Han har skrevet en rekke kronikker og kommentarartikler i mange aviser der han går i rette med problematiske forhold som vedrører innvandrerbefolkningen, særlig de med røtter i muslimske land i den tredje verden. I boken Integreringen som ikke gikk seg til bruker han sine erfaringer som mangfoldsrådgiver i skoleverket som utgangspunkt for en informativ bok som både beskriver problemer og foreslår løsninger i et felt som er preget av berøringsangst og frykt for å fremstå som «intolerant» og «rasistisk». Mye av boken handler om utfordringer som er velkjente for lærere og andre som arbeider i skolesektoren. I det første kapittelet skriver Martin om hvordan elever med muslimsk bakgrunn kan oppleve press knyttet til bønn, faste og religiøst funderte diettregler. Det er ikke presset hjemmefra han fokuserer på, men det som komm...