Du er det fyrste som eg tenkjer på
når eg stig ut av svevnens varme famn
kvar morgon. Du er den som eg vil sjå,
og halde rundt når natta vert til dag,
men her finst berre minne og eit namn.
Så høyrer eg ei røyst, robotisk, jamn
som seier det eg nektar tenkje på.
Ho minner mest om røysta til ein ramn
som talar frå ein opna sarkofag:
«Ho er’kje meir. Det må du snart forstå!»

Kommentarer
Legg inn en kommentar