Me ligg på ei hotellseng i Warszawa.
Tei still, lat auga att. Sei, kan du høyre
den svake knitringa i nattestilla.
Du er ei open bok med eseløyre.
Eg tek med mine løyndomar i grava.
Du vaskar fjeset, tek på deg ein lilla
og litt for liten bluse før me går
og finn oss ein kafe. I draumar ser eg
deg for mitt indre auge der du står
i skuggen på eit fortau i Manila.
I Petersburg ein junimorgon ber eg
deg gå frå meg. Eg veit det kjem litt brått,
men inni meg forsvinn eg dag for dag.
Eg var fortvila då, men år har gått
og tenkjer eg attende no, så ler eg.
Illustrasjon: Leo Putz, 1901
Kommentarer
Legg inn en kommentar