Gå til hovedinnhold

Nakensymjing om hausten: Demiurgiske samtalar under morgonsola (del 3)

Tre


Vaxos

Kva er det med deg, Maron? Du er tausare
enn nokon gong, og du som sjeldan teier still.
Kva gneg i hugen din?


Maron
   
                                Ein mistanke om svik.


Vaxos

Om svik?


Maron

Ja, svik, så svart, så ærelaust at det
er vanskeleg å fange det med ord. Eg veit
at tida stoggar tanken sjølv om auget søv.
Og sjølv om eg har sove, har eg floge høgt
og skaffa overblikket. Eg har tenkt.


Vaxos 

På svik?


Maron

Ja, svik, min kjære Vaxos. Svik så svart som synd.
Eg trur at det er noko løynd i tilværet som vil
oss vondt. Ja, noko uuthaldeleg om vi
om berre i ein augneblink fekk sjå det.
Ein ukjent avgrunn som vi berre ikkje ser.


Vaxos

Kven veit? Kan hende du har rett? Men kven kjem der?


Antipater

Lukk auga, vesle born.
I draumen skal du sveve
over hus og tre,
under jord og vatn
og inn i hjartet til mor di.
Ein ny dag ventar deg
på andre sida av natta.
Når sola kjem igjen
og varmar jorda att,
er du ein annan.
Då er du ein annan, born.


Vaxos

Eg rådslår med meg sjølv. Eg kan’kje gjere anna.
Du trur visst svevnen bér i seg ei anna verd?
Sjølv trur eg natta bind oss fastare til verda.


Antipater

Ein ny dag ventar deg
på andre sida av natta.
Når sola kjem igjen
og varmar jorda att,
er du ein annan.
Då er du ein annan, born.


Maron

Du trur visst hjartet mitt har vorte eit med jorda
At ut av det vekst korn og gras og fagre blomar.
Men eg har alltid sett meg sjølv som rotlaus frukt.


Vaxos

Ja, båe er me frukt som ligg på bakken. Råtne,
halvt oppspist av mark og larvar. Ja, halvt oppspist
av mark og larvar. 


Maron

Ach so!


Antipater

Lukk auga, vesle born.
I draumen skal du sveve
over hus og tre,
under jord og vatn
og inn i hjartet til mor di.












                             

Kommentarer

Legg inn en kommentar