«Eg er Alfa og Omega, den første og den siste, opphavet og enden.»
Alle prosessar tek slutt, og alle avslutninger er samstundes starten på noko nytt. Nokre gongar er det ikkje så lett å vite kva som er kva. Og i kva retning renn eigentleg tida? Eg har nett lese romanen Begynnelser av Carl Frode Tiller. Boka handlar om Terje, fylkeskommunal miljøvernar, og generelt kjip fyr, som i fyrste kapittel ligg og døyr på eit sjukehus. I neste kapittel får me vite at han har freista å ta livet sitt, og så vert trådane trekt lenger og lenger attende i tid, gjennom eit turbulent liv med klassereise familieproblem, og heilt tilbake til barndomen. Forteljinga er fortalt med reversert kronologi, slik at jo lenger tilbake i tid me kjem, jo meir vert avdekka av kvifor han vert som han vart. Likevel er ikkje dette ei deterministisk forteljing om årsak og verknad, til det er episodane for lausrivne og tilsynelatande vilkårlege. Men mot slutten (eller byrjinga) sett Tiller opp eit slags metafysisk rammeverk som bind det heile saman på eit særs tilfredsstillande vis. Dette er ei bok som manglar den psykologiske djupnaden og den forteljartekniske virtuositeten som gjorde «Innsirkling» så god, men sjølv om boka tidvis er keisam, har ho ei flott og ikkje minst rørande slutt som gjer at lesaren sit at med kjensla av at dette var vel brukte timar likevel. Alt i alt ei ganske god bok om arv, miljø, tid og spenninga mellom dei naturlege prosessane og det sosiale spelet i Midt-Noreg i fyrste halvdel av det 21. århundret.
Ei anna forteljing som byrjar med slutten, er The Last American av 2000 AD-veteranane Alan Grant, John Wagner og Mike McMahon. Men her er det slutten på sivilisasjonen og etter alt å døme den menneskelege eksistens på jorda det handlar om. Denne teikneserien i fire delar vart utgiven i 1990, på tampen av den kalde krigen, og som ein skjønar, handlar han om livet etter den store atomkrigen, her datert til 1999. Eller - han handlar jo eigentleg om livet i Amerika i etterkrigstida, som dei fleste historier av denne typen. Hovudpersonen, Ulysses Pilgrim, vaknar opp frå kryogenisk svevn 20 år etter at Amerika og Sovjetunionen tømte atomlagra sine mot kvarandre. (Vent litt... Det betyr jo at handlinga utspeler seg i våre dagar!) Oppdraget til Pilgrim er å representere Sambandsstatane medan han utforskar den postnukleære verda. Med seg har han tre robothjelparar som fungerer som guidar i den gudsforlatte audemarka jorda har vorte. Dette er ei dyster historie der det berre er i flashback lesaren treff andre levande menneske enn hovudpersonen. Likevel er det innslag av mørk humor og song og dans(!) i all vonløysa. Det bør ikkje overraske at forteljinga inneheld ein del referansar til Dantes Inferno, særleg mot slutten, der vår reisande pilgrim vert konfrontert med sjølve mørkets hjarte - og finn, mot alle odds, von. Teiknar McMahon gjer ikkje noko forsøk på å teikne realistisk. Menneska hans er groteskt abstrakte, nærast kubistiske, og landskapa og ruinane er både gruvekkande og vakre, mykje takk vere den flotte fargelegginga. Les gjerne denne serien, men hugs: «lat all von fara, de som inn lyt skride».
Illustrasjon: Giulio Romano
Kommentarer
Legg inn en kommentar