... og framleis ligg eg som eit slakt på graset. Eg seier ikkje stort. Kva er vel ord når alt som er i hugen er ekstase og alt som kroppen kviler på er jord? Kva er eg? Knapt eit sansande fantom. Ein parentes. Eg går i eitt med alt. Paletten min er gråbleik monokrom. Eg let som elvesus. Eg smakar salt. Du merker ikkje kva eg gjer med deg, korleis eg kaprar språket ditt og gjer deg blind for kvardagsorda. Vel, det er for seint no. Her er berre du og eg. Me er åleine i ei språklaus verd. Forstår du? Det er ingen andre her. Illustrasjon: Steve Broder
Katekismus for det oplyste Borgerskab