Tom Rob Smith: Child 44 (2008)
Ein framifrå kriminalroman der handlinga er lagt til Moskva i 1950-åra. Ein seriemordar herjar i eit land der styresmaktene hevdar at kriminalitet ikkje eksisterer. MGB-agent Leo Demidov etterforskar saka og finn spor som går attende til hungersnauden i 1930-åra. Romanen er godt skrive og spanande frå byrjing til slutt. Smith får også fram det politiske og ideologiske klimaet som herska i Sovjetunionen på denne tida på ein fin måte, og han beskriv med truverde korleis politiske føringar frå leiinga vanskeleggjer etterforskninga. Child 44 er ein glimrande thriller som kombinerer spaning og god historieforteljing med historisk og politisk innsikt.
Vonneguts meisterlege roman om bombinga av Dresden under den andre verdskrigen er ein av dei verkelege klassikarane innan den amerikanske etterkrigslitteraturen. Boka handlar om Billy Pilgrim, ein mann som er "unstuck in time" etter å ha blitt bortførd av utanomjordiske skapningar som har ein statisk, ikkje kronologisk oppleving av tida. Dette science fiction-elementet fungerar fyrst og framst som eit litterært verkemedel som tillet at handlinga hoppar fram og attende i tid gjennom heile boka, samstundes som det legg til rette for dei mange spekulasjonane kring tid, fri vilje og det meiningslause ved krigen. Dette er utan tvil Kurt Vonneguts beste roman.
Med unnatak av romanar basert på populære teikneserier og filmar er superheltfiksjon i det store og heile ein sjanger som hovudsakeleg vert forbunde med teikneseriane og, i tiltakande grad, film. Denne boka er eit heiderleg forsøk på å tilpasse sjangeren til rein prosa. Og det må seiast å vere rimeleg vellukka. Historia, som handlar om ei gruppe superheltar som kjempar mot ein superskurk av typen "gal vitskapsmann", fungerer godt, og motiv og tropar me kjenner frå teikneseriane inkorporerast på ein overbevisande måte i romanformatet. Men boka er på inga måte banebrytande, og det skortar noko på originalitet. Ein sit igjen med intrykket av at Grossmann har valt å skrive ein superheltroman berre for å sjå om det let seg gjere, ikkje fordi han har noko særskilt på hjartet eller ynskjer å tilføre sjangeren noko nytt. Dette kunne ha vore ein over middels god Avengers- eller Justice League-historie, men ikkje noko meir. Det er solid handverk med gode personteikningar, god spaningsoppbygging og ein velfungerande indre logikk, men ein sit igjen med inntrykk av at forfattaren kunne ha gjort meir ut av dette.
Kommentarer
Legg inn en kommentar