David Hine og Shaky Kane:
Bulletproof Coffin (2010-11)
Bulletproof Coffin (2010-11)
Bulletproof Coffin: Disinterred (2012)
Rick Veitch:
Dette må vere nokre av dei beste teikneseriane som har kome ut dei seinaste åra. Handlinga dreier seg om nokre fiktive teikneseriar frå femtitalet som hovudpersonen kjem over medan han tømmer eit dødsbu. Dette viser seg å få ein særs merkeleg innverknad på livet hans. Det spesielle med desse fiktive teikneseriane er at dei er skrive og teikna av David Hine og Shaky Kane, dei same serieskaparane som står bak sjølve Bulletproof Coffin. Dette er ein postmoderne superheltserie full av intertekstuelle referansar og ein god dose metafiksjon, og handlinga går heile tida ut og inn av fleire ulike røyndomsplan. Seriane er smart skrive og godt teikna og burde appellere til alle som likar kvalitetsteikneseriar, men det er nok ein fordel å ha ein viss kjennskap til eldre amerikanske teikneseriar.
Rick Veitch:
Rick Veitch er ein av dei mest allsidige serieskaparene som jobbar i dag. Han har arbeidd innanfor dei fleste sjangrar, men er kanhende mest kjend for sine horror-, sci-fi- og superheltseriar, som vanlegvis har ein god dose svart humor i botn. The One, Bratpack og The Maximortal er serier der han freistar å dekonstruere superheltsjangeren, litt på same måte som Alan Moore gjorde med t. d. Watchmen og Miracleman. Samstundes nyttar han sjangeren til å kommentere populærkulturelle fenomen og politiske tendensar. The One vart utgjeve på midten av 1980-tallet og handlar om statskontrollerte superheltar i ein kaldkrigskontekst, iblanda litt nyandeleg psykedelia. Serien bèr preg av det spente tilhøvet mellom dei to supermaktene i denne perioden. Bratpack er ein beksvart satire som tek for seg og problematiserer kid sidekick-fenomenet innan superheltsjangeren og inneheld eit blikk på baksida av valdsromantikken som pregar desse teikneseriane. The Maximortal er ein fiksjonalisert satirisk framstilling av liva til Jerry Siegel og Joe Shuster, skaparane av Superman og korleis dei blei rævkjørt av DC Comics. Serien fortel også kva Manhattan-prosjektet eigentleg gjekk ut på.
Kommentarer
Legg inn en kommentar