Euripides
Medeia
Gjendikta av Egil Kraggerud
De norske bokklubbene, 2002
Berre ein kort rapport frå eit nyleg konsumert lesestykke skrive av ein kvit daud europear i eit cis-heteronormativt slavesamfunn som var urørt av liberalisme og kvinnefrigjering. Me skal nemleg til det antikke Hellas.
«Medeia» er ein tragedie og eit hemndrama skrive for nesten 2500 år sidan. Eviripides vann tredjeplassen i den store tragediekonkurransen i dei dionysiske spela i Athen i år 431 f. Kr. med dette dramaet. Sjølv om det er ei avgrunn av tid mellom vår tid og den greske atikken, er det ikkje vanskeleg å følgje med i handlinga og identifisere seg ned karakterane. Det er sjølvsagt ein del referansar til den mytiske og historiske konteksten stykket vart til i som ikkje er umiddelbart tilgjengelege for moderne lesarar, men menneskja er til sjuande og sist uforanderleg, og kjenslene var dei same då som no. Og det er kjensler dette dramaet handlar om.
Hovudpersonen er Medeia, hustrua til argonauten Jason. I stykket, som utspelar seg etter fleire eventyr kjende i myteform, held dei til i Korint, der Jason nyss har forlate kona si til fordel for kongsdottera Glauke. Medeia er sjølvsagt fortvila og vonbroten. Ikkje berre har ho blitt dumpa for ei yngre og rikare kvinne, ho vert også beden om å ta med seg ungane og pelle seg til helvete vekk frå Korint. Svikta og landsforvist planlegg ho ein grufull hemn. Ikkje berre skal ho drepe den nye brura til Jason, ungane skal ho også ta livet av. Og det er nett det ho gjer. Ikkje med lett hjarte, sjølvsagt, men sånn som ting utveklar seg, vert det sånn. Hennar eiga pine må finne motstykke hos den svikefulle Jason. Og ja, Medeia oppnår det ho ynskjer. Men var det verdt det?
Eg likte stykket godt (ja eigentleg betre enn eg likte Hekabe, ein annan tragedie av same forfattar som eg las for ikkje så lenge sidan), og sjølv om det er gamalt det er ikkje tvil om at handlinga ikkje berre er realistisk, men også aktuell i vår tid. Utgåva eg har lesa nyttar gjendiktinga til Egil Kraggerud frå 1979. Det er vanskeleg for ein lekmann som meg å seie noko om den filologiske kvaliteten, men teksten er rytmisk og fin, og det er lett å følgje handlinga og ta del i kjenslelivet til karakterane. Boka inneheld eit interessant etterord om Medeia-tradisjonen i den antikke greske litteraturen skrive av gjendiktaren sjølv. Forordet i denne utgåva er skrive av Jan Kjærstad og tek for seg Medeia som litterær figur. Kjem du over Medeia biblioketet, er det berre å ta ho med heim. Men hald ho unna ungane!
Illustrasjon: Eugène Delacroix, 1838
Kommentarer
Legg inn en kommentar