Gå til hovedinnhold

Nei til kvinnebryst i innboksen!

 


I dag fann me eit brev frå ein av våre trufaste lesarar i postkassa. Me publiserer det her i uforkorta form: 


Kjære Würmstuggu,


Eg har i ei årrekke satt pris på denne «bloggen», men den siste tida  synest eg de har skrive for mykje om nyare norsk lyrikk og sosialistleiarar frå førre hundreåret. Eg skulle gjerne sett meir stoff om italienske westernteikneseriar og tysk dramatikk. Kanskje noko om nyare samisk essayistikk òg? Er det nokon mogleigheit for at de kan lure inn eit og anna innlegg for å tilfredsstille mine behov. Og eit spørsmål til slutt: Kva er det verste med å drive «blogg»?


Med venleg helsing

Tobias W. Krag



Redaktør Dalberg svarar:


Takk for brev. Korrespondanse med lesarane er viktig for Würmstuggu-redaksjonen. Ris og ros må til for at me skal kunne gje lesarane våre tilfredsstillande lesaropplevingar. No har det seg sånn at eg nett har lese Bertold Brechts skodespel «Mor Courage og barna hennar», eller Mor Courage og barna hennes, som det heiter i Øyvind Bergs omsetjing. Han nyttar jo som kjent det dansk-norske bokmålet i staden for den meir nasjonale nynorske målforma. 


Eg har lese stykket ein gong før, men då i ei anna omsetjing, og så vidt eg hugsar må det ha vore for over ti år sidan, så det gjorde godt å lese det om igjen no. For det er godt stykke. Og som eg har sagt fleire gonger før, føretrekkjer eg ofte å lese skodespel framfør å sjå dei oppført på scena. Eg trur likevel at dette kunne ha vorte ein bra film, og for alt eg veit finst det ein slik film, men no er heller ikkje film noko eg brenn for, så det er ganske sannsynleg at eg vil gå gjennom heile livet utan kjennskap til den eventuelt eksisterande Mor Courage-filmen.


Handlinga utspelar seg under trettiårskrigen på 1600-talet, nærare bestemt frå 1624 til 1636. Mor Courage er ei svensk handelskvinne som fylgjer dei stridande troppane gjennom eit krigsherja Europa og forsyner dei stridande med varer. Mot betaling, sjølvsagt, for Mor Courage er ein krigsprofitør, sjølv om det ikkje er store utkommet ho får fra verksemda si. Ho har med seg dei tre borna sine, som ein etter ein vert offer for krigens mannefall. Hovudpersonen er utan illusjonar om krigen, han er ikkje meir enn eit høve til på tene til livsopphaldet, men borna hennar er alle idealistar på kvar sin måte, og berre sjå korleis det går med dei. Elles er feltpresten den mest interessante og komplekse bifiguren. Kan hende ikkje så overraskande med tanke på dei religiøse aspekta ved denne konflikten. 


Bertolt Brecht har utan tvil skrive ein del stinkarar, men Mor Courage er ikkje ein av dei, det torer eg seie, og sjølv om me her snakkar om ein politisk ytterleggåande kunstnar med totalitære sympatiar, er det ingen tvil om at kunsten hans held mål. Sjølv om me lever i ei tid der stadig fleire (særleg på venstresida) meiner at ein tek skade av å bli eksponert for «farlege» idear, ser eg heller på politisk ekstreme kunstnarar som verdifulle tilskot til mangfaldet og ei kjelde til refleksjon. Og det Brecht har å seie om krigen i dette dramaet slår meg som ganske sant. Sjølve boka er fin og fjong, men eg likar ikkje den Comic Sans-aktige TT Nooks-fonten som vert brukt til sceneanvisningar. 


Eg har også lese den siste utgåva av Maxi-Tex, altså nummer 81 av bokserien som trykker opp årgangshistorier med Tex Willer. I denne boka er det to historier frå 1991 og 1992 teikna av meisteren Alberto Giolitti og skrive av Claudio Nizzi. Dei er utmerkte, båe to, sjølv om det dølle omslaget signert Tex-skapar Aurelio Galeppini neppe lokkar mange lesarar til å kjøpe boka.


I den fyrste historia, «Hånden i berget», er Tex og Kit ikkje meir enn obsevatørar som fylgjer handlinga på avstand. For sjølve intrigen utspelar seg mellom eit kobbel med bandittar som får erfare den hobbesianske sanninga om at livet i naturtilstanden, utan staten, er «einsamt, fattig, stygt, brutalt og kort». Det er ganske forfriskande at heltane våre ikkje drepar ein einaste skurk.


Den andre historia, «Sheriffen av Wickenburg» fokuserer på Tiger Jack, ein figur som vanlegvis spelar andrefiolin. Men her visar den stolte navahokrigaren seg som ein framifrå actionhelt i beste Rambo-ånd. Giolitti kjenner eg best teiknar av Dells Star Trek-serie frå 1960-talet. Han har ein herleg, realistisk teiknestil som kan minne litt om Al Williamson. Verkelig top notch! Diverre er trykkvaliteten dårleg, og maskintekstinga forstyrrande for lesarooplevinga. Eg skjønar at det er billig å trykke om slike gamle historier som faksimiler, men i mine auge er det respektlaust å handsame kvalitetsseriar på denne måten.


Som svar på det siste spørsmålet ditt må eg nemne den uynskte merksemda me får frå kvinner som vil ha seksuell kontakt. Det går nesten ikkje ein dag utan at innboksane våre er fulle av «tilbod» frå seksuelt frustrerte kvinner. Nokre av dei sender til og med bilete av brystpartia sine, som om det skulle gjere oss tilbøyelege til å opprette kontakt. Me vil gjerne høyre frå lesarane, men ikkje på den måten. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bokomtale: Ugress & omstendigheter

  En kveld tidlig i oktober satte jeg meg ned og leste Michaels Konupeks diktsamling Ugress & omstendigheter . Efter å ha lest den to ganger, slo to tanker ned i mitt hode: 1) Om kort tid vil jeg trolig ha glemt hele boken, og 2) for de aller fleste vil boken forbli fullstendig ukjent, kun en anonym bokutgivelse i en smal genre som ble utgitt uten brask og bram en gang i 2024, med mindre noe helt spesielt skulle skje, som for eksempel at Konupek skulle bli en folkekjær realitykjendis eller mottager av Nobels litteraturpris. Derfor satte jeg meg ned og skrev denne teksten, som her siteres i sin helhet:  «Den tsjekkisk-norske forfatteren Michael Konupek er for meg et nytt navn, men ifølge omslagsteksten på den ferske diktsamlingen Ugress   & omstendigheter har han utgitt flere skjønnlitterære verk, deriblant romanen Böhmerland 600 cc . Boken har et monokromt omslag i en farve jeg vil kalle «mørk militærgrønn» og inneholder informasjon om tittel, forfatter, genre og...

Varg Vikernes har ordet

  BOKOMTALE AV ESPEN D To Hell And Back Again Varg Vikernes 2025 I dag forbinder de fleste hardrock med koselige skallede bamser med skjegg og tatoveringer. Men hvis vi går tilbake til det tidlige 90-tallet, var det annerledes. Da var hardrockerne farlige, og den farligste av dem alle var Varg Vikernes aka Greven.  I 1994 ble han dømt for overlagt drap og flere kirkebranner. 31 år senere har Vikernes satt seg ned og skrevet sine memoarer. Akkurat slik musikeren Vikernes gjorde alt selv med enmannsbandet sitt Burzum, har han også gjort alt selv med denne boken. Skrevet selv, lest korrektur selv, ikke alltid med like stort hell, og gitt ut boken selv. Det har blitt en koloss av en bok med sine nesten 700 sider. Opprinnelig er boken skrevet som fem forskjellige bøker, men i år er altså alle bøkene samlet og gitt ut til den hyggelige prisen av 300 kroner. De fem delene er 1: «My Black Metal Story» der Vikernes skriver om hvordan han begynte med metall-musikk og hvordan kretse...

20 spådommer for 2025

  Akkurat som i fjor har vi tatt i bruk våre klarsynte evner og skuet inn i krystallkulen for å se hva den kan fortelle oss om det kommende året. Her er våre spådommer for 2025: 1. Sykefraværet i Norge går ned. 2. Donald Trump forbyr all politisk opposisjon og oppløser kongressen på ubestemt tid. 3. Ukraina vinner en overbevisende seier over Russland og gjenoppretter sine gamle grenser. (Med forbehold om at det kan skje allerede før nyttår.) 4. Arbeiderpartiet blir landets største parti i stortingsvalget i september, og den populære partilederen Jonas Gahr Støre fortsetter som statsminister.  5. Det norske langrennslandslaget møter uventet sterk konkurranse i verdenscup og VM. 6. Dagbladet publiserer ikke en eneste nakenspa-reportasje. 7. Offentlig pengebruk går ned i Norge. 8. En rekke øygrupper i Asia og Oseania blir ubeboelige etter at isen på Nordpolen smelter. 9. Det blir fred i Midtøsten.  10. Etter valget i oktober får Elfenbenskysten sin førs...