Arne Ruste
Her
Solum Bokvennen, 2021
Me held fram med omtaler av diktsamlingar frå 2021. Boka me ser på denne gongen er diktsamlinga Her, med undertittelen «Meldingar, postkort, oppdateringar», av Arne Ruste. Boka inneheld 25 dikt av varierande lengd. Eg har lese dei fleste av dei minst to gonger.
Ruste ser ut til å vere glad i å reise på sydenferie, for det er det dei fyrste dikta handlar om. Dei var sikkert trivelege å skrive, men som lesar fekk eg ikkje så mykje ut av desse «postkorta» frå Hellas og Kanariøyane. Ruste verkar også å vere oppteken av døden, fortrinnsvis som ein del av krinsløpet av byrjingar og avslutningar i det menneskelege tilværet. Kan hende ikkje så rart, for han er jo ein tilårskomen mann.
Elles gjer Ruste eit par freistnader på å framsyne sin gode moral, slik det sømmer seg for venstreorienterte kunstnarar i våre dagar. «Hijab på jobben må da vara helt okei - under / poltilua, tel og med. Stili tel og med. / Det er jo bærre et skaut. /Mora mi brukte støtt skaut,» skriv han, for høve på folkeleg austlandsdialekt, og Erna Solbergs «trumpete mangel på empati» og manglende vilje til å ta imot tusenvis av migrantar vert refsa på rituelt vis i det siste diktet i samlinga. Gjesp.
Ruste vekslar mellom korte og lengre tekster. Mykje av innhaldet er ganske trivielt, men det lange diktet tilegna den ærverdige romeriksdiktaren Thor Sørheim er ikkje så aller verst, i alle fall om ein kjenner litt til Sørheims naturlyrikk.
Men alt i alt var ikkje dette mykje å rope hurra for. Diverre.
Kommentarer
Legg inn en kommentar