Trilogien av Jon Fosse Del 3: «Kveldsvævd» Samlaget, 2014 Ja, kjære lesar, no har eg lese ferdig den siste forteljinga i Jon Fosses trilogi om Asle og Alida, og du spør kan hende om eg er nøgd, er Kveldsvævd ei tilfredsstillande avslutning som gjev dei svara lesaren treng for å kunne seie ja sanneleg, dette var ein tekst som gav meg noko, dette er litteratur eg truleg vil bere i hjartet mitt ein stund? Eg trur, ja eg er ganske viss på at eg kan svare ja, for Kveldsvævd gjev svar og ender med å setje eit elegant, men samstundes mørkt punktum for dette verket, for teksten gjev svar, men han tek også ei overraskande vending, og det eg som lesar fyrst bit meg merke i, er den uortodokse strukturen, for her startar det heile med at gamle Ales, dottera til Alida, sit i stova si og ser mora si, som har vore død i mange år, for auga sine, og etter ei stund vert synsvinkelen pensa inn på Alida, som i dette tidsplanet ikke er anna enn eit skrømt, og me får vite om alt det som hende e...