Gå til hovedinnhold

Sumarlektyre!


Me er snart halvvegs ut i månaden som er oppkalla etter den kvite, heteroseksuelle cismannen og slaveeigaren Julius Cæsar, og det er på tide med eit innlegg om populærkulturelle publikasjonar frå sambandsstatane igjen. Denne gongen er det snakk om to tilårskomne teikneseriar og ein roman.


Negro Heroes var eit kortliva teikneserieblad frå 1940-åra som inneheldt korte teikna biografiar om ulike melaninrike amerikanske «heltar» av ymse slag. Det var organisasjonen The National Urban League som gav ut bladet, som kom med to nummer, eitt i 1947 og eitt i 1948. Eg har berre lese det fyrste nummeret. Dette er tradisjonell folkeopplysing med eit klart pedagogisk føremål. Eg reknar med at det er svarte born som er målgruppa her. Det er ikkje vanskeleg å sjå behovet for svarte førebilete for dei i ei tid då Jim Crow-lovane framleis gjaldt i dei amerikanske sørstatane. Dette er ein god stund før borgarretsrørsla fekk sitt gjennombrot. Eg skal vedgå at dei fleste namna her er ukjende for meg, men Paul Robeson kjenner eg då til. Elles vert me kjent med botanikaren George Washington Carver, pedagogen Mary McLeod Bethune, polarutforskeren Matt Henson samt eit par krigsheltar. Historiene er greit fortalt, men særleg spennande er det ikkje. Eg la også merke til at Paul Robeson kommunistiske sympatiar ikkje vert nemnt med eitt ord, sjølv om me får vite om opphaldet hans i Sovjerunionen («There’s no discrimination against colored people here.») og engasjementet hans for republikanarane i den spanske borgarkrigen. Teiknemessig er det habilt utført, men veldig uspektakulært og udynamisk. I alle fall om ein skal samanlikne med dei betre serieteiknarene som var aktive i denne perioden. Men det skal ein kanskje ikkje? Alle teiknarane og forfattarene er anonyme, og eg kan heller ikke seie at eg kjenner att streken i nokon av desse teikneseriene.


Eg har også lese teikneserien The Sentry av Paul Jenkins og Jae Lee frå år 2000. Eg hugsar at denne superheltserien fekk mykje merksemd då han kom, men eg har aldri fått rota meg å lese han før no. Og sant å seie kunne eg godt ha venta enda nokre år med å lese han, for dette var stusselige saker. Historien bygger på eit enkelt premiss: The Sentry var ein gong ein av Marveluniversets mest elska og vidgjetne heltar, men det er ingen som hugsar han. Og no er han attende. Kva hendte, og vil han klare å redde verda? Historien flyt som sirup gjennom dei første fire episodane. I det siste nummeret byrjar det å skje noko, men så sluttar miniserien in medias res. Ein må finne ein seinare oneshot for å lese slutten, som heller ikkje er noko å skrive heim om. Det er ingen spenning, ingen humor og ingen interessante figurar her. Det er som om Jenkins og Lee freistar å fortelje lesaren at det som skjer er frykteleg dramatisk, men dei løfter ikkje ein finger for å skape spenninga. Og det er jo ikkje så rart at det er vanskeleg å skape engasjement når den verkelege konflikten først vert avslørt i siste episode. Og kven bryr seg eiegentleg når historia til slutt viser seg å vere ein gedigen parentes, både i Marveluniverset og som teikneserie. Men José Villarrubias fargar er fine.


Men, kjære lesar, eg har ikkje berre lese skit dei siste dagane. Eg har nemleg lese Leviathan Wakes! Dette er den fyrste romanen i science fiction-serien The Expanse av James S. Corey (som eigentleg er eit psevdonym for to forfattarar som eg er for lat til å finne namnet på her og no). Og kva er no dette for slags SF? Jo, det er skitten space opera med handlinga lagt eit par hundreår inn i framtida. Menneska har kolonisert solsystemet og bur no der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Jorda og Mars er rivalar i ein slags kald krig, og i asteroidebeltet og på månane til dei store gassplanetane har det no budd menneske i fleire generasjonar. Verdsbygginga er solid, teknologien verkar realistisk, og karakterane er truverdige. Handlinga er fortalt frå to ulike synsvinklar. Den eine hovedpersonen er Jim Holden, ein ung eks-offiser med sterk rettferdssans litt firkanta moral. (Joda, han minner litt om J.T. Sallingers helt.) Holden arbeider på eit skip som fraktar is frå Saturn til astroidebeltet. Trass i gode hensikter klarar han å starte ein interplanetarisk krig som dannar bakteppet for handlinga i boka. Den andre hovedpersonen er den kyniske politietterforskaren Miller frå asteroiden Ceres, som har blitt uthola og gjort til eit habitat der menneske lever og arbeider i underjordiske tunnelar. Miller er ein erketypisk detektivhelt slik vi kjenner dei frå den hardkokte kriminallitteraturen. Han er meir moralsk fleksibel enn Holden, har eit drikkeproblem og brukar endåtil hatt - heile tida! Miller får i oppdrag å finne ei ung kvinne frå jorda som har forsvunne ein eller annan stad i det ytre solsystemet. Holden og Millers historier utgjer to parallellhandlingar som etter kvart glir saman. Den stramme strukturen skapar ein fin rytme og får fram kontrastane mellom dei to protagonistane på ein fin måte. Handlinga er full av skyting, eksploderande romskip, storpolitiske intrigar og mykje heseblesande action i ulike miljø med sterkt varierande tyngdekraft. Og meir skal eg ikkje seie om boka, utover at du bør lese ho.


Og du - gløym ikkje gleda.


Negro Heroes nr. 1 (1947)

av diverse.

The Sentry 1-5, The Sentry vs. the Void (2000)

av Paul Jenkins og Jae Lee

Leviatan Wakes (2011)

av James S. A. Corey


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Varg Vikernes har ordet

  BOKOMTALE AV ESPEN D To Hell And Back Again Varg Vikernes 2025 I dag forbinder de fleste hardrock med koselige skallede bamser med skjegg og tatoveringer. Men hvis vi går tilbake til det tidlige 90-tallet, var det annerledes. Da var hardrockerne farlige, og den farligste av dem alle var Varg Vikernes aka Greven.  I 1994 ble han dømt for overlagt drap og flere kirkebranner. 31 år senere har Vikernes satt seg ned og skrevet sine memoarer. Akkurat slik musikeren Vikernes gjorde alt selv med enmannsbandet sitt Burzum, har han også gjort alt selv med denne boken. Skrevet selv, lest korrektur selv, ikke alltid med like stort hell, og gitt ut boken selv. Det har blitt en koloss av en bok med sine nesten 700 sider. Opprinnelig er boken skrevet som fem forskjellige bøker, men i år er altså alle bøkene samlet og gitt ut til den hyggelige prisen av 300 kroner. De fem delene er 1: «My Black Metal Story» der Vikernes skriver om hvordan han begynte med metall-musikk og hvordan kretse...

20 spådommer for 2025

  Akkurat som i fjor har vi tatt i bruk våre klarsynte evner og skuet inn i krystallkulen for å se hva den kan fortelle oss om det kommende året. Her er våre spådommer for 2025: 1. Sykefraværet i Norge går ned. 2. Donald Trump forbyr all politisk opposisjon og oppløser kongressen på ubestemt tid. 3. Ukraina vinner en overbevisende seier over Russland og gjenoppretter sine gamle grenser. (Med forbehold om at det kan skje allerede før nyttår.) 4. Arbeiderpartiet blir landets største parti i stortingsvalget i september, og den populære partilederen Jonas Gahr Støre fortsetter som statsminister.  5. Det norske langrennslandslaget møter uventet sterk konkurranse i verdenscup og VM. 6. Dagbladet publiserer ikke en eneste nakenspa-reportasje. 7. Offentlig pengebruk går ned i Norge. 8. En rekke øygrupper i Asia og Oseania blir ubeboelige etter at isen på Nordpolen smelter. 9. Det blir fred i Midtøsten.  10. Etter valget i oktober får Elfenbenskysten sin førs...

Bokomtale: Nettforgiftning

  Nettforgiftning Siw Aduvill og Didrik Søderlind Humanist Forlag, 2025 De siste årene har Würmstuggu skrevet en god del om fenomenet woke. Denne våren har vi publisert anmeldelser av to ferske bøker som tar opp temaet med en dybde vi sjelden ser i det offentlige ordskiftet, Wokeisme av Lars Erik Gjerde og Kateterprofetenes opprør av Andreas Hardhaug Olsen. Og i fjor sommer skrev vi om Frank Rossaviks De korrekte fra 2022. Nå er tiden kommet for å ta opp en bok som ser saken fra motsatt synsvinkel. I våres kom boken Nettforgiftning av Siw Aduvill og Didrik Søderlind. Boken, som har undertittelen Å miste noen til radikalisering og konspirasjonsteorier, har en helt annen tilnærming til stoffet og handler for så vidt ikke bare om woke i streng forstand, men også tilstøtende saksområder som klimapolitikk og håndtering av covid-pandemien. Didrik Søderlind er trolig en kjent skikkelse for de fleste av Würmstuggus lesere. Han arbeider som rådgiver for den statsfinansierte ateis...