Dette brevet dukka opp i postkassa vår for ei tid sidan:
Kjære Würmstuggu
Det siste året har jeg begynt å interessere meg for nettpublikasjoner som tilfredsstiller mine moderate behov. Denne «bloggen» inneholder mye schpaa content. Kunne dere skrevet litt mer om musikk? Det jeg ønsker aller mest, er en anmeldelse av Oxiplegatz’ album «Worlds and Worlds» fra 1996.
Med vennlig hilsen
Mann (44)
Østlandet
Kjære Mann (44)
Takk for brev. Sjølvsagt kan me skrive nokre setningar om «Worlds and Worlds». Oxiplegatz er Alf Svenssons soloprosjekt som ga ut tre plater på 1990-talet. Svensson har bakgrunn frå det populære death metal-bandet At the Gates, der han spelte gitar. Oxiplegatz er litt vanskeleg å plassere sjangermessig, for musikken er ganske eklektisk, ja, eigentleg lyt ein vel seie bisarr, men grunnstammen er black metal; elles finst det element frå både death metal, symforock, prog og jazz her. Ja, det er vel dette dei kallar avant garde metal.
Ut frå songtitlane verkar det som dette er eit konseptalbum som fortel ei science fiction-historie om ein slags konflikt mellom jordbuarar og romvesen og om konsekvensane av denne konflikten. Låtstrukturane er ganske komplekse, og det er mykje variasjon heile vegen, med relativt korte parti som avløyser kvarandre. Plata byrjar ganske hardt og snøgt, men roar seg noko ned etter kvart. Sjølv om det er eit konseptalbum, har eg ikkje lagt merke til noko gjennomgåande musikalsk leitmotif. Melodiane, som stundom er ganske flotte, vert bore av gitarar og synth (som vanlegvis er innstilt på messingblåsar eller strykarlyd og læt ganske billeg) når vokalen går i brek og brøl-modus, men det er også mange parti med rein, melodiøs vokal, der noko vert synge ned ein ganske operatisk barytonrøyst, og noko kjem frå ei flott kvinnestemme.
Plata inneheld mange artige musikalske sprell, men lydmessig vert det litt monotont, med den same gitar/synth-komboen dronande heile tida. Dessutan læt det som sagt litt billeg. Litt meir bruk av «ekte» instrument (eller kan hende ein dyrare synthesizer) og meir variert gitarlyd kunne sikkert ha løfta plata nokre hakk. Og kor er gitarsoloane?
Alt i alt eit interessant eksperiment der ideane er meir imponerande enn gjennomføringa.
Elles kan me ikkje love meir musikkstoff.
Helsing
Würmstuggu-redaksjonen
Kommentarer
Legg inn en kommentar