Ein dag forlet eg alt eg har,
tek oppgjeret med den eg var
og det eg ville. Legg i grus
mi eiga fortid, søkjer svar
i negasjon og whiskyrus
og freistar bli ein annan kar,
ein flyktning utan heim og hus.
Når dagen kjem, skal oske bli
det einaste som er igjen
av bruene der eg har gått.
Då vil eg endeleg vere fri.
Då kan eg kvile. Kjære venn,
då gjev eg att alt eg har fått.
Då veit eg: alt har enda godt.
Kommentarer
Legg inn en kommentar