I draumen vart eg vekt av hese hyl
frå skadeskotne, blinde pelikanar
som kvilelaust flaug rundt i morgondisen.
Eg vakna, men eg heldt fram med å drøyme.
Med opne auge låg eg lenka fast
til senga som eit slumrande reptil.
På veggen framfor meg såg eg ein skugge
(av kva? Det trur eg ikkje eg kan seie.)
gå att og fram. Eg høyrde òg ein lyd,
ei kviskring, ord eg ikkje heilt forstod,
men kjende att frå svevnens mørke rom,
unemnelege ord --- Eg må han sovna
igjen, for alt eg hugsar no er kvile
i hjarte, hug og kropp - og daude fuglar
som låg og flaut i vatnet. Pelikanar.
Har nokon lese dette diktet i skulestova? Eg berre undrar 😊
SvarSlett