Helsingfors, sumaren 1975. Leiarar frå dei mektigaste statane i verda tek ein pause frå forhandlingane. Stemninga ser god ut, og med den nystalinistiske Leonid Brezjnev i Kreml og republikanaren Gerald Ford i Det Kvite huset, er ikkje høvet mellom dei to supermaktane så aller verst.
I vinden blæs, om ikkje sjølve svaret, så i alle høve nokre framlegg til løysingar på spenninga mellom aust og vest. Avspenning er moteordet på den utanrikspolitiske arenaen. Statsleiarar frå den frie så vel som den ufrie verda møtast for å drøfte vegen framover. Kva moralsk og menneskerettsleg minimum bør ein kunne forvente av ein stat, uavhengig av styresett og politisk ideologi? Korleis skal ein løyse konfliktar på mellomstatleg nivå? I kva grad kan ein kreve at suverene statar forpliktar seg til internasjonale multilaterale avtalar?
Det er ein kjend sak at Helsingfors-fråsegna vart a pain in the ass for dei austeuropeiske sosialiststatane, då dissidentane i desse landa tok innhaldet i avtalen seriøst. Fråsegna blei brukt for alt ho var verdt av grupperingar i austblokklanda som var ute etter å undergrave den sosialistiske ordenen, mellom anna den tsjekkoslovakiske grupperinga Charta 77, der forfattaren Vaclav Havel spelte ei sentral rolle. Det vart ein hard og bitter kamp. Dei hadde jo ikkje fått med seg at dei gilde orda frå Austersjøens dotter berre var til utvortes bruk.
Kommentarer
Legg inn en kommentar